– Ære vere brannfolka som held ut med slike forhold. Vi treng kvar og ein av dei, seier Sande.

Det var i samband med debatt kring investeringsbudsjettet i det siste kommunestyremøtet før jul at Sande gjekk på talarstolen og tok opp tilhøva ved brannstasjonen på Leikanger.

Brannstasjonen held i dag hus i ein gammal garasje i sentrum der det er plassert ein brannbil av eldre dato, uniformer og utstyr for brannsløkking.

– Her er ikkje rein eller skiten sone. Det er klart at kjem Arbeidstilsynet på staden, blir stasjonen stengt med ein gong, trur Sande.

Fjordenes Tidende var sjølv til stades i brannstasjonen denne veka, og kunne konstatere at måling flakka frå veggane både ute og inne.

Inneklimaet er også dårleg. Det er reglar for reine og skitne soner for brannpersonell, det vil seie at dei etter lova skal ha høve til å henge frå seg skitne klede, og gå i dusjen for å vaske seg i ei rein sone.

– Det er ikkje tvil om at også brannstasjonen i Selje treng opprusting. Men eg etterlyser ein plan for det vidare arbeidet. Kommunestyret har vedteke at brann og beredskap skal slåast saman med Eid til ei eining allereie frå våren 2018. Brannsjefane og fagfolk må møtast for å bli samde om korleis brannsystemet skal vere i Stad kommune. Kan det til dømes vere fornuftig å ha ein brannstasjon i tilknyting til Stad skipstunnel? Men vårt forslag fekk ikkje fleirtal, påpeikar Sande.

Opposisjonen med Sp, Høgre og Frp foreslo å løyve 500.000 kroner i plan- og oppstartsmidlar i 2018, 5 millionar kroner i 2019 og 10 millionar i 2020.

Fleirtalet gjekk for å løyve 5 millionar i 2018 og 10 millionar i 2019.

Gunn Sande meiner ein treng brannvesen på Stadlandet for å nå alle vikar og bukter i rimeleg tid om ulukka er ute.

– Slik eg forstår er det snakk om å byggje kombinert brannstasjon og avfallshandteringsanlegg på Hamremyrane. Det er vel og bra, men ein må starte med ein plan, meiner Gunn Sande.

– Kan det vere nok med ein brannstasjon i Selje kommune?

– Vi treng brannvesen på Stadlandet, ikkje minst til den nye tunnelen til Honningsvåg. Vi har fått 800.000 til å kjøpe ny røykdykkarbil i samband med tunnelen. Og skal ein kome til i alle vikane på Stadlandet i rimeleg tid, må vi ha brannvesen tilgjengeleg.