Laurdag spår yr.no fint vintervêr: opphaldsvær og periodar med sol.

Men allereie søndag vil vinden auke på. For Sogn og Fjordane skriv meteorologane at det blir auke til sørleg sterk kuling og liten storm på kysten. Frå ettermiddagen kan det i periodar blåse full storm. Det er meldt stort sett opphaldsvêr søndag.

Måndag forverrar det seg med sør og søraust liten til full storm utsette stader og på kysten. Ved Stad blir det sterk storm. Det blir regn, som i indre og høgareliggande strøk kjem som sludd og snø. Lokalt kan ein få kraftige vindkast.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli, som NRK, har snakka med fortel at dette ikkje er ekstremvêr slik dei definerer det, men at det er heilt på grensa.

– Det er i grenseland til verre ting. Det er venta vindkast opp i 35 meter i sekundet, og det er grensa vi har sett for ekstremvêr, forklarer Fagerli til NRK.

Vinden blir truleg kraftigast natt til måndag, og kjem frå sør.

– Sørleg vindretning er gunstig for Vestlandet. Det er verre dersom vinden kjem sørvestleg retning. Det er først og fremst fjell og kyst som vil merke det, men vindkasta kan også komme ned i fjord- og dalstrok som er utsett for sønnavind, seier Fagerlid.