Fredag fekk dei ei ny 100.000 kroners gåve frå næringslivet.

Dette kom på toppen av gåver på same beløp frå tre andre aktørar dei siste vekene. I tillegg har mange andre bedrifter bidrege med rause donasjonar på fleire titusen, og totalt har i underkant av 500 aktørar, private og frå næringslivet, gitt til aksjonen.

Det betyr at gruppa no har samla inn over 1,8 millionar kroner sidan rett før jul.

Målet er å nå 2 millionar kroner, som i sin tur då vil utløyse eit spleiselag med Bremanger kommune og fylkeskommunen om å gjere dei alle rmest naudsynte utbetringane på den utsette fylkesveg 616 mellom Kalvåg og Oldeide. Bidrag kan ein gi både på vipps, spleis.no og via aksjonen sitt eige bankkontonummer.