Det er venta kraftig sør søraustleg vind i Sør-Noreg søndag og måndag, med vindkast på 35-45 meter i sekundet frå Trøndelag til Sogn og Fjordane.

Det er NRK som melder saka.

– Spørsmålet er om den slår ned. Det er det som er så skummelt. Men vi veit enda ikkje om den kjem til å slå ned, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg søndag til NRK.

Om det skjer, er Nordfjord staden som vil råkast hardast.

– Vi har sett grundigare på prognosane og det ser ut til at Nordfjord, indre strok av Møre og Romsdal og Dovrefjellområda kan få dei kraftigaste vindkasta og vinden i fjellet, seier han.

Vêret vil også vare ganske lenge, frå søndag kveld til måndag kveld, med  kraftigast vind om natta.

–  Men den blir også kraftig både før og etter, seier statsmeorolog Geir Ottar Fagerlid, som forklarer at situasjonen ikkje enno er slik at dei vil kalle det ekstremvêr.

– Spørsmålet er korleis folk i låglandet vil merke dette. Vi ventar vindkast opp i 35–45 meter i sekundet på kysten, i fjellet og område utsett for sør søraust vind. Det er over kriteria vi har sett for ekstremvêr, legg Fagerlid til.

Vinden startar på Vestlandet søndag. Det er venta sterk storm og truleg orkan ved Stad. Det kan vere greitt å ta nokre forholdsreglar, meiner meteorologen.

– Kraftig vind er ikkje uvanleg på Vestlandet, men det kan vere lurt å utsetje den planlagde fjellturen søndag eller måndag. Det er ikkje noko poeng å utsetje seg sjølv for fare ved å prøve å ta kule bilete. Det kan vere lurt å halde seg innandørs. Om dette blir ekstremt eller ikkje, vinden blir så kraftig at den kan gjere skade. Det er all grunn til å vere forsiktig, seier han til NRK.

På grunn av vindretninga er det venta lokale variasjonar. I all hovudsak ser dei mest folketette områda til å sleppe unna den sterkaste vinden.

– Vi har sett det før: Ei bygd kan ha veldig rolege vindforhold, medan nabobygda kan ha veldig kraftige vindkast. Det er aldri godt å vite kvar den sterkaste vinden kjem, avsluttar Fagerlid.