– Vi har møtt oppsprukke fjell i starten. Dette er som venta i høve geologisk rapport for konkurransegrunnlaget. Men det er for tidleg å seie om det får følgjer for planen om ferdigstilling slik at elektrokontrakten kan starte 4. juni, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

Entreprenør Lemminkäinen har sidan oppstarten i november drive seg om lag 60 meter inn i den til saman 570 meter lange Strandanipatunnelen. Håpet er at dei snart skal møte massivt fjell. Tunnelen skal gje trygg veg for dei busette i Honningsvåg på Stadlandet, forbi den rasutsette Kleiva.

Det har vore farefullt å køyre strekninga heilt på utsida av Stadlandet på grunn av stadige steinsprang ned i vegen.

– Vi arbeider etter framdriftsplan 1. juni 2018, seier Huseklepp.

Prosjektet ferdig 31. oktober

Det er for tida kontrollrekning av elektrokontrakt på tunnelen, og denne har oppstart 4. juni. Heile prosjektet skal vere ferdigstilt 31. oktober 2018.

– Arbeidet har vore tøft, med mykje sikring. Vi tek oss likevel sakte, men sikkert innover. Vi har eit mål om to salver for dag, og forsøker å ta inn så mykje som mogleg, seier Lindström.

Han er busett i Örnsköldsvik i Sverige. Dei fleste andre av dei kring 25-30 arbeidarane på anlegget er nordmenn, busette over heile landet. Kring 16 bur på brakkerigg i Årvik, resten i hus som er leigde i Leikanger-området.

34.000 kubikk stein

Deponeringsområde for tunnelmassen frå Kleiva ligg rett ved fv. 633 før du kjem ned til Årvik.

Dette er om lag to km frå tunnelinnslaget på Årvik-sida. Ifølgje prosjektleiar i Statens vegvesen Jon Harald Huseklepp er det samla snakk om 34.000 kubikkmeter stein.

– I reguleringsplanen står det at vi skal føre tilbake deponeringsområdet til grunneigar, dekka over med jord. Viss grunneigar vil ta ut stein, må han lage eigen plan og få han godkjent av kommunen, opplyser Huseklepp.

– Vi har mellom anna leigt grendehuset i Honningvåg til kantine, der vi også har eit par lokale personar til å stå for matlaging og drift. Og vi handlar det meste av maten på den lokale Joker-butikken på Refsnes, seier prosjektleiar Tomas Lindström.

Lysregulert

Tomas Lindström fortel at dei jobbar tre skift med 12 dagar på jobb og 9 dagar fri.

Huseklepp fortel at det på grunn av kurven i tunnelen berre blir eitt køyrefelt.

– Trafikken blir lysregulert etter same prinsipp som brua på Åheim. Det vil seie at dersom du kjem og det ikkje er andre bilar i tunnelen, får du direkte grønt lys.