DNT, som er Noreg sin største friluftsorganisasjon med 308.400 medlemer, feirar 150 år jubileum i 2018. Sogn og Fjordane Turlag (SFT), som er vårt fylke sin største friluftsorganisasjon med nærare 8000 medlemer, har 35 års jubileum same år.

Fleire av dei 510 annonserte turane vil difor ha jubileumspreg og ekstra fokus på historie og feiring.

Hovudtyngda av dei til saman 510 turane og arrangementa blir gjennomførde lokalt.

Nytt av året er at alle aktivitet i Turprogrammet blir presentert i ulike kategoriar. Ein kan kjapt finne turar som passar akkurat for seg sjølv.

Tradisjonsturane, Josten på langs 9.-12. mai og Hytte til hytte i hjarte av Jotunheimen, vil begge ha jubileumspreg. Mangeårig og trufast turleiar på desse turane, Kjell Kleiven, vil leie an og gje store turopplevingar både på bre og til fots.

Hav- og fjellsport dreg til havs til øya Kinn på overnattingstur i mai og bregruppa vil leike seg i blåisen tidleg i september.

Sjøsprøyt, turglede og historie blir det på jubileumsturen i regi Ytre Sogn Turlag 8.-9. september, der ferda går med båt yst i havet til Utvær, Gåsvær og Tungodden.

Borna skal jubilere 17.-18. august i Utladalen i lag med Barnas Turlag i Årdal og er bedd på tur med hytteovernatting og leik og moro i tunet på vakre Avdalen gard.

– Dette er berre nokre få av dei over 500 spanande aktivitetane turprogrammet inneheld. I tillegg finn du eit svært variert og spanande kurstilbod med alt frå opplæring i skiferdigheit, klatring, yoga, kajakk og ikkje minst turleiing. Vi gler oss til å vise fram alt det vakre og spanande som ligg i vår felles natur – i skogen, på fjellet, langs kysten eller i nærområdet ditt. God tur, heiter det i meldinga.