– Ei glede for oss og ei glede for dei, seier initiativtakar Maja Vedvik, som fekk ideen i haust.

– Plutseleg kom det på nyheitene at ein annan sjukeheim hadde invitert babyar til treff med dei eldre – akkurat som eg hadde tenkt. Statsminister Erna Solberg kommenterte saka, og oppmoda andre kommunar til å gjere det same. Då tenkte eg at det berre var å hive seg rundt og få det i gang!

Vedvik jobbar som sjukepleiar på nye Svelgen Omsorgssenter og fekk sjølv sitt første barn for åtte månadar sidan.

Gje noko tilbake

– Eg tenker litt sånn at når vi er så heldige å få så lang barselpermisjon her i landet, er det fint å bruke ein bit av den tida til å gje noko tilbake, seier ho.

Ann-Elise Løvold fortalde historier frå barndommen. Her med vesle Andrine på fanget.

Dei små vart naturleg nok beundra og overstrødd med superlativ, og sjølvsagt ville dei eldre også gi noko tilbake til gjestane sine. Fleire er demente, men når det kjem til song ligger dei gamle versa lagra.

– Dei kan synge både tre, fire og sju vers på rams. Dei små babyane stivna på matta når dei eldre song vers etter vers med gamle barnesongar. Dei lytta verkeleg og sette tydeleg pris på det, seier Vedvik.

Då Fjordenes Tidende fekk vere med på baby-treffet møtte berre to barn – Kaia og Andrine. Men dei klarte utan problem å underhalde dei eldre nesten berre med å vere der. Då den eldste på 1,5 år tok i veg med ein rullator blei latterdøra slått opp på vidt gap.

Foreldre lærer «nye» songar

Ann-Elise Løvold er opphavleg frå Lom i Gudbrandsdalen, men har levd sitt vaksne liv på Davik der ho har arbeidd som lærar. Ho var ein av femten bebuarar som møtte dei små.

Ho fortalde historia om Gjendine frå heimtraktene, som vart døypt i Gjendevatnet og fekk det særskilte namnet frå presten sjølv. Edvard Grieg var ein av mange som gjekk turar i distriktet og ein dag høyrde han Gjendine syngje. Det gjorde at han komponerte «Gjendines bånlåt». Dette er ein av songane i boka «Gode minne» som vart sunge til dei små.

Mamma Camilla med vesle Kaia møter dei eldre på omsorgssenteret.

– Også for oss som foreldre er det nyttig og kjekt å bli kjende med gamle voggesongar og barneviser, sånn at det ikkje berre blir Kaptein Sabeltann i oppveksten, seier Vedvik.

Positiv til ideen

Forslaget om eit babytreff blei tatt imot med opne armar.

– Aktivitøren på omsorgssenteret var veldig positiv. Og det einaste vi gjorde var å legge ei madrass på golvet så gikk tida av seg sjølv, seier Vedvik, som meiner det ikkje er farleg om det ikkje skulle kome så mange barn på desse spesielle barseltreffa. I Svelgen vart det til dømes født berre sju barn i fjor.

– Om det berre er to barn der tykkjer dei eldre det er stas.

Om kort tid skal fleire av fjorårsbarna i barnehagen. Då er det nye foreldre som må ta over samlingane.

– Det er i alle fall tre gravide som jobbar på «heimen» no, så eg vil oppmuntre dei til å fortsette med dette, smiler Vedvik.