Alle elevane på den vidaregåande skulen, samt 9. og 10. klasse i Vågsøy, Selje, Stadlandet og Hauge er gjestar. Det vil seie ein konferanse med cirka 600 deltakarar. På programmet står presentasjonar frå næringslivet, tilpassa ungdom. Representantar frå Sødermann, Ervik Havfiske, Coast Seafood, Videonor, Gloppen Hotell, Sprek 365, Måløy Maritime Group og Paneda vil være på scena torsdag.

– Dette er ein konferanse på ungdomen sine premissar, og elevar ved Måløy vidaregåande tek aktivt del i planlegging og gjennomføring av konferansen. Dei har levert namn og logo for konferansen, og har ansvar for registrering, lyd/lys, matservering, kontakt med næringslivet for standleige, opplegg for sosiale medier, nettside m.m. Denne dagen skal elevane vere ein del av næringslivet, opplyser Måløy vidaregåande skule.

I lunsjpausen vil næringslivet ha stands der elevane kan kome i kontakt med dei og skaffe seg informasjon. Randi Paulsen Humborstad er konferansier.