– Det vil være nyttig for oss å vere til stades her sidan vi skal bli ein del av det nye fellesskapet. Sakane som blir tekne opp her, vil også røre oss. Vi er blitt tekne godt imot, føler oss velkomne og ser fram til samarbeidet, seier Midtbø og Solibakke.

Vil ikkje at borna blir kasteballar

I første omgang har dei eit spesielt søkjelys på skulesaka, sidan skulen på Bryggja er bestemt nedlagt av Vågsøy kommune frå komande skuleår. Skulesaka er ei nøtt, for reint formelt blir dei 44 elevane frå Bryggja overført til Skavøypoll skule komande skuleår. Etter nyttår i 2020 skal dei gå på skule i Stad kommune. Det blir mykje fram og tilbake.

Det følgjer pengar frå staten for kvar elev, og då vi snakka med Midtbø og Solibakke i samband med møtet på Eid, var dei opptekne av å undersøkje muligheita for å frigjere desse pengane frå Vågsøy-budsjettet. Etter eit telefon-møte med fylkesmannen fredag føremiddag slår leiar i fellesnemna, Selje-ordførar Stein Robert Osdal, fast at det ikkje er råd.

Får ikkje skjønsmidlar

– Tilbakemeldinga er at det er eit stramt regime på rammetilskotet for kvar elev. Det følgjer ungane i den kommunen dei bur, og fram til 1. januar 2020 er det Vågsøy. Fylkesmannen var tydeleg på at det ikkje er mogleg å frigjere desse midlane, fordi dette er nedfelt tydeleg i inntektssystemet. Det finst heller ikkje tilgjengelige skjønsmidlar til dette. Så vi må no ta saka vidare til departementet og sjå om dei kan hjelpe oss, seier Osdal.

– Vågsøy kommune har gjort eit lovleg vedtak. Det respekterer vi, og vi må jobbe utifrå det. Verken Selje eller Eid har sjanse til å drifte Bryggja skule på sine eksisterande budsjett, sidan det er økonomiske utfordringar i begge kommunar, seier Osdal.