– Dette har skjedd gjentekne gongar, på ei bestemt avkøyrsle i Raftevika, på oppsida av vegen, ligg det stadig søppel. No nyleg fann vi ei seng, madrasser og fleire søppelsekker, seier Solheim til Fjordenes Tidende.

No vil han gjerne gjere oppmerksam på dette problemet,og håper med det at dei som gjer dette vil slutte å bruke vegsida som søppelplass.

– Det er vår driftsentreprenør som må rydde opp, og det stel tid og ressursar som vi kunne brukt på å gjere meir nødvendige ting langs vegen, seier Solheim.

– Kor mange gongar har dette skjedd akkurat her?

– Det er ikkje heile tida, men ved fleire anledninger har vi sett at denne lomma blir brukt som søppelplass. Vi vil gjerne ha ein slutt på det, og at folk kastar søppelet sitt der dei skal, avsluttar Solheim.