Fredag vert det reprise i Stadlandet grendahus, og på laurdag kan ein nyte framsyninga i Syvde Samfunnshus.

– Tittelen i seg sjølv skulle vere nok til å friste publikum til ei lystig oppleving. Teaterstykket har eit herleg, men innfløkt persongalleri. Vi møter eit hespetre av ei gamlemor med sin senile elskar. Her er mine og dine born, med og utan make, som ikkje har eit altfor godt forhold til heimen sin. Når det så kjem til ein stor lottogevinst og gode utsikter for arv, blir kreativiteten og griskheita høg og forviklingane mange. Men fleire detaljar om historia får vere forbeholdt framsyningam, smiler Margit Fløde, leiar i Stadlandet ungdomslag.

Publikum var begeistra under premieren på Den virile krokstav i oktober.

Då stykket hadde premiere i Stadlandet grendahus i slutten av oktober selde det ut to fulle hus, og publikum var begeistra.

– Eg er imponert over skodespelarane og innsatsen som ligg bak. Dei fylte rollene veldig godt. Alt i alt, var det veldig humørfylt! sa Inge Kjøde fra Kjøde til Fjordenes Tidende etter premieren.

Den virile krokstav er skrive av Nils Fløystad og Astrid Engli, medan Monika Sjåstad frå Stadlandet har stått for regien. Ho har vore med på førestellingene til Stadlandet ungdomslag fleire gongar tidlegare.