– Eg er veldig takknemleg for at eg får jobbe med luksus. Kreativt sett er det ganske spesielt. Det er ikkje så mykje snakk om at det vi lagar skal selje best eller treffe ei viss kundegruppe. Eg får jobbe med verdas beste teknikarar og vanvitig gode tekstilar. Det set eg utruleg stor pris på, seier Torunn Mjånes Myklebust frå Barmen i Selje.

I dag arbeider 34-åringen som print- og tekstildesignar for Balmain menswear i Paris, men den kreative reisa starta i barndomen heime på Barmen i Selje.

– Eg har alltid miksa materiale og putta saman ting sjølv, og ein kan vel seie at eg har vore kreativ sidan eg var veldig lita. I tillegg har eg ein morfar som var møbelsnikkar, så eg har sett at det er mogleg. Men på det tidspunktet skjønte eg ikkje at mote var ein karriereveg, fortel designaren.

I staden gjekk vegen til musikklina på Firda vidaregåande skule for Torunn som alltid har funne det visuelle veldig tiltrekkande.

– Det heile snudde vel ein dag eg kom heim i noko eg hadde tråkla saman sjølv, og mamma sa at eg burde ta meg eit sykurs, smiler ho.

I 2005, Som 23-åring, starta Torunn på Fashion Design Akademiet i København. Sommaren 2008 fekk designaren eit internship ved motehuset Alexander McQueen.

– Eg lagde print, noko eg aldri hadde gjort før, og lærte Photoshop. Det var min printskule. Eg var der i seks-sju månadar, fekk sjå moteshowet i Paris og jobba døgeret rundt. Etter ein tur heim til Barmen reiste eg tilbake til Danmark der eg fekk ein jobb hos Noir/Biiack Noir, fortel Torunn.

I 2009 vart designaren frå Barmen kalla tilbake til McQueen. Vidare har vegen gått via dei verdskjende motehusa Givenchy, Roberto Cavalli, Camira Fabrics, Neil Barret og fram til Balmain, der Torunn arbeider i dag.

– Eg har vore utruleg heldig med kven eg har arbeidd for. Når eg søker på jobbar no så får eg snakke med dei eg vil grunna den erfaringa eg har.

– Ein blir litt blasert

På kundelista til motehusa 34-åringen har arbeidd for så langt står det kjendisar i fleng, og Torunn har arbeidd med kjolar og klesplagg som i ettertid har blitt bore av eksempelvis Beyoncé og medlemmar av familien Kardashian.

– Ein blir litt blasert. Ein tenker at det var enda ein sein kveld med arbeid og så skjer det berre, innrømmer designaren.

Torunn har nyleg også samarbeidd med Pia Tjelta på hennar kolleksjon under eige namn.

Men Torunn gir seg ikkje med dette. Saman med kjærasten, Brede Rørstad frå Valderøy, jobbar ho med eit eige designstudio, No more mondays.

Vil vere eit godt kvinneleg forbilde

Med om lag ti års erfaring frå moteverda har Torunn fått god kjennskap til bransjen ho arbeider i. Designaren seier kjønnsfordelinga varierer frå hus til hus, men ho opplever at fordelinga er om lag lik.

– Det er ein bransje som er ganske spesiell med tanke på at så mange kreative direktørar er kvinner, og det syns eg er kjempekult. Det er nok ein bransje som har blitt flinkare til å omfamne både kvinner og menn, seier 34-åringen, som er klar på at talent i bransjen ikkje blir avgjort av kjønn.

– Sjølvsagt har ein styrker som er kjønnsrelatert, men mitt talent handlar om kva eg har blitt lært opp til å sjå og tenke. For meg er det veldig viktig å vere eit godt kvinneleg forbilde og plante gode verdiar vidare – om eg får lov til det, samanfattar Torunn.