– Med 20 minutts avgangar og større ferjer aukar kapasiteten. No blir det slutt på Anda-Lote som flaskehals, seier ein nøgd Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Tek styringa på det grøne skiftet

Maskinsjef Ole Kasper Tunheim frå Selje og maskinkadett Ole Christian Trollebø frå Vågsøy er tett på det grøne skiftet i ferjesektoren. Onsdag sette Fjord1 elferja Gloppefjord i drift på Lote-Anda.

Gloppefjord rett etter at ho vart sett i drift mellom Lote og Anda. Ferja er 106 meter lang og kan ta 120 personbilar.

– Klart det er interessant å vere med frå byrjinga. Vi får med oss denne erfaringa frå starten, seier Tunheim. Han har jobba på ferjesambandet Lote-Anda sidan 2014. Då MF Gloppefjord vart sett i drift denne veka, skifta arbeidsdagen i maskinrommet samstundes karakter frå diesel til elektrisitet. Maskinsjefen frå Selje har stor tru på den nye teknologien.

– No har eg vore med ferja frå Gibraltar, og vi har testa her dei siste dagane. Teknologien verkar godt. Det er ikkje noko problem at elmotoren driv ferja, drifta verkar veldig godt på batteri, seier Tunheim.

Stille i maskinrommet

Ifølgje Tunheim og Trollebø er arbeidstilhøva for dei som jobbar i maskina mykje betre på den nye ferja.

– Spesielt er det stor skilnad når det gjeld støy. Det er veldig stille i maskinrommet med den nye teknologien.

– Er det blitt færre arbeidsoppgåver i maskinrommet?

– Det er vel blitt litt mindre å gjere her. Men det ser ikkje ut til at vi blir arbeidslause, her er mykje som skal følgjast opp.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 omtalte Lote-Anda som det første heilelektriske ferjestrekket i verda i samband med at Gloppefjord vart sett i drift. Men ferjene held fram med å brenne diesel nokre dagar til. Den andre elektriske ferja som skal trafikkere ferjesambandet, MF Eidsfjord, har lege vêrfast ved Biscayabukta på veg frå verftet i Tyrkia. Då vi gjekk i trykken låg MF Eidsfjord til kai i Gijón på den spanske nordkysten. Går alt etter planen blir denne ferja sett i drift i byrjinga av februar.

Starten på grønt skifte

Sjølv om Gloppefjord er på plass i Nordfjord og ladepunkta er sett opp på kvar side av fjorden, vil ferja dei første dagane gå som hybrid, det vil seie ein kombinasjon mellom diesel og elkraft, der dieselmotoren ladar opp batteriet. Samstundes vil ein fase inn bruken av ladepunkta, slik at ferja til slutt går heilelektrisk.

Maskinsjef Tunheim meiner ferjene er ein naturleg stad å byrje med omlegging til utsleppsfrie fartøy til sjøs, men han meiner den store miljøeffekten må hentast andre stader.

– Ei dieselferje forbrenner to kubikk diesel i døgnet. Ein båt i Nordsjøen forbrenner kanskje 20–100 kubikk diesel i døgnet. Til samanlikning er det små innsparingar på ei ferje, men det er den lettaste staden å byrje.

Investeringane er større, men driftskostnadene klart mindre med den nye teknologien som finnes i MF Gloppefjord og MF Eidsfjord. Fjord1 reknar med at verknadsgrad på dieselmotorar er 35–40 prosent på propellen, medan det med eldrift er 90 prosent. Norled har redusert drivstoffkostnadene med 60 prosent på Ampere, elferja som går på sambandet Lavik-Oppedal.

Dei to nye elferjene er bygd på verftet Tersan Shipyard i Tyrkia. Men teknologien er norsk. Avdelinga til Siemens i Trondheim er systemintegrator. De har også levert tavler, elmotorar, batteri- og kontrollsystem om bord i ferjene.

Sjå fleire bilete på fjt.no.