– Sjølvsagt må du ha det faglege i botnen. Du må kunne faget ditt. Mi erfaring etter å ha hatt denne jobben i nærmare to år, er at det går bra. Det er mykje ansvar og stort press, men du har ikkje alt ansvaret åleine. Du har andre å støtte deg på, seier eidaren som har ansvaret for økonomistyringa i Gloppen kommune.

Vegen til leiarjobben var rett nok noko tilfeldig. Det var ikkje karriereplan og klare leiarambisjonar som gjorde at Janne vart sjef.

Ho var nyutdanna med bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Høgskulen i Bø i Telemark då ho som 22-åring søkte jobb som økonomikonsulent i Gloppen, nabokommunen til Eid der ho vaks opp.

– Eg visste at eg ville jobbe med økonomi. Og eg hadde lyst å flytte heim til Nordfjord. Det var mest styrt av kva jobbar som var tilgjengeleg, det viktigaste i første omgang var at eg fekk ein fagleg utfordrande økonomijobb. Eg fekk jobben i Gloppen, og byrja som økonomikonsulent i juni 2015. Det passa meg bra at eg fekk jobb i heimdistriktet, seier Janne.

Ho har foreldre og tre søsken buande på Eid, i tillegg til nettverk av vener. Men ho er busett på Sandane i nykjøpt leilegheit.

Vart raskt sjef

Det som var to økonomistillingar tidlegare, vart gjenstand for innsparingstiltak. Og på nyåret i 2016 sat Storevik med heile økonomiansvaret i Gloppen kommune åleine.

– I starten var stillinga konstituert. Mykje var uavklart i samband med kommunereforma. Men då det vart avklart at Gloppen skulle stå åleine, vart stillinga gjort fast, fortel ho.

Det var Kommunal Rapport som i sommar skreiv at ho er landets yngste kommunale økonomisjef.

Rett etter at ho byrja i jobben, hamna Gloppen på Robek-lista over kommunar som grunna økonomisk ubalanse må ha statleg godkjenning på låneopptak og investeringar.

– Eg fekk dette rett i fanget. Sett i ettertid var det ei god erfaring. Læringskurva har gått rett opp, seier ho, og medgir at det ikkje er sikkert at ho hadde våga å gå for ein slik leiarjobb om ho ikkje allereie var i systemet.

Grunnen til at Gloppen hamna på Robek-lista var brot på formelle krav, ikkje at økonomien er veldig dårleg.

– Kommuneøkonomien i Gloppen er bra samanlikna med mange andre kommunar, seier ho.

– Kva tenkjer du om økonomien i Gloppen med tanke på at kommunen vel å stå åleine og dermed ikkje får tilgang på ekstraløyvingar som er lagt inn som intensiv for samanslåingar?

– Eg tenkjer at vi skal klare oss bra uansett. Ekstraløyvingane er tidsavgrensa, og når dei er over stiller vi likt med dei andre.

Ikkje ta med jobben heim

Med 500 millionar kroner inn og like mykje ut, følgjer det stort ansvar med jobben.

– Personlegdomen din er nok avgjerande for å takle ein slik jobb. Mykje kan du også lære deg til å takle. Etter kvart lærer du mellom anna å ikkje ta med jobben heim. Ein må også jobbe med seg sjølv mentalt for å stå i det. Innan mitt fag økonomi, er det heilt avgjerande at du har orden og kontroll. Det er mange fristar og rapportar, og det er heilt avgjerande med orden i rekneskapen.

Spesielt i periodar med budsjettprosess om hausten og økonomiplanarbeid om våren er det hektisk med stort arbeidspress og viktige avgjerder som skal takast.

– Av og til må ein ta tøffe avgjerder som ikkje alle treng vere samde i. Men du tek dei ikkje åleine. Vi er styrt av rammer og politiske prosessar. Vi har dei pengane tilgjengeleg som vi har. Ofte skulle vi sjølvsagt ynskje at vi hadde meir til rådvelde, og vi ser alltid behovet. I administrasjonen har vi rådmannen på toppen og ein stab med fem seksjonssjefar under. Organisasjonssjefen i staben er min leiar. Jobben min kan vere utfordrande til tider, men eg har gode kollegaer å støtte meg til.

– Den flinkaste bør ha jobben

Trass i ung alder har Janne Storevik ingen andre planar enn å bli verande i jobben.

– Eg har fått ein god jobb med alle dei utfordringane eg kan ønskje meg. Eg ser ikkje vekk frå at eg vil tileigne meg meir kunnskap gjennom kurs og studiar etter kvart, men då i samspel med jobb. Å gå tilbake til å vere fulltidsstudent freistar ikkje, seier 25-åringen.

– Kan det vere eit smart karrieretrekk å søkje mot leiande jobbar i distrikts-Norge der det ikkje er like stor konkurranse om dei beste jobbane som i ein by?

– Det er kanskje enklare å skille seg ut her. Det er ingen løyndom at søkjarlistene her er ganske annleis enn i byane.

– Ein ser også i andre kommunar at mange kvinner har leiande roller. Kva tenkjer du om den utviklinga?

– Om det er mann eller kvinne, så bør den flinkaste ha jobben. Det er bra at kvinner slepp meir til enn før. Då får vi ein mykje større marknad å rekruttere dei beste folka frå. Eg synest det er veldig bra at det har teke den retninga det har gjort. Framleis er det slik at det er ulikskapar alt etter fag. Teknisk er gjerne dominert av menn og innan oppvekst og helse er kvinnene i fleirtal.