Vil ta inn fleire lærlingar

Eid kommune har i dag åtte lærlingar. Målet er å nå 15 lærlingar innan 2020.

Kommunestyret i Eid har vedteke ein ny lærlingstategi for kommunen som seier at ein ønskjer å ha 15 lærlingar innan 2020. Arkivfoto 

Nyheter

Lærlingstrategien for kommunen, som vart vedteken i kommunestyret i Eid torsdag, seier at ein ønskjer å ha 15 lærlingar innan 2020.


Den styrka lærlingsatsinga er knytt til trong for fleire fagarbeidarar i kommunen i framtida. Målet er at dei som blir lærlingar i Eid kommune skal få fast arbeid i kommunen etter at dei har teke fagprøve.

Eid kommune har som del av denne satsinga meldt seg inn i Nordfjord Opplæringskontor, og auka løyvingane på budsjettet til læreplassar.