Dette skjer i Sør-Vågsøy kirke førstkomande laurdag, og konserten avsluttar årets Musikkuke, som Vågsøy sokneråd står som arrangør for.

Konserten med Flaata, Ackles og Busk er ein oppfølgar til «En storslått hyllest til Elvis», som var ein hyllest i samband med at artisten hadde blitt 80 år i 2015. Så langt har dei gjennomført 110 konsertar.

– Då dei byrja å sjå på ein oppfølgar, ønskte alle vi som er involvert i dette samarbeidet å attskape den musikken som for Elvis var den viktigaste, heiter det i ei pressemelding.

I januar i år vart ein landsdekkande turne med 80 konsertar innvia. Laurdag kjem artistane til Måløy.