Ønskjer bidrag til skulehistoria

Vågsøy Historielag inviterer til kurs i digital historieformidling med kurshaldarar frå innsamlings- og formidlingsprosjektet Skulen min.

Målet med prosjektet Skulen min er å samle og formidle så mykje som mogleg av skulehistoria i fylket. Tysdag inviterer Vågsøy Historielag til kurs i digital historieformidling. Ill. foto  Foto: Kari Midtgård Råsberg

Nyheter

Det skjer på Måløy vidaregåande skule den 13. februar. Kurset varer ei kveldsøkt og er ope for alle interesserte.

Målet med Skulen min er å samle og formidle så mykje som mogeleg av skulehistoria i Sogn og Fjordane på den digitale portalen Lokalhistoriewiki.

Dette er ein nettverkstad som vert driven av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Nettstaden har om lag ein million besøk i året, om lag 48.000 artiklar og rundt 170.000 bilete, og alt dette innsamla materialet ligg der tilgjengeleg for publikum.

På kurset skal deltakarane lære å laste opp foto, tekstar eller annan form for informasjon til prosjektet Skulen min. Det som vert opplasta vil då bli del av ein større kunnskapsdatabase om skulen i fylket.

– Dei som vil delta på kurset, bør ha med seg PC eller nettbrett. Har nokon foto frå eiga skuletid eller anna skulerelatert materiale som kan digitaliserast, kan dei ta dette med til kurset, opplyser Vågsøy Historielag, som ønskjer vel møtt.