Har fått jobben med å leie IKT-samarbeidet i Nordfjord

Tor Halvar Flacké Botnen er tilsett som dagleg leiar for IKT Nordfjord.

Tor Halvar Flacké Botnen tek til i stillinga som dagleg leiar for IKT Nordfjord 1. juni. Foto: privat 

Nyheter

Det melder Eid kommune mandag. Tor Halvar Flacké Botnen har utdanning i informatikk og kjem frå ei stilling som IT-leiar i Ulstein kommune. Det siste året har han leia strategigruppa i Søre Sunnmøre IKT.

Stillinga som dagleg leiar for IKT Nordfjord er ei nyoppretta leiarstilling som får det administrative leiaransvaret for IKT-samarbeidet i Nordfjord, inkludert Bremanger. Samarbeidet er organisert i ein driftsdel - Nordfjordnett, som er lokalisert i Måløy, og ein strategidel som skal vere på Nordfjordeid. IKT-samarbeidet i Nordfjord blir no omorganisert.

Tor Halvar Flacké Botnen tek til i stillinga 1. juni.