Meiner Kinn er «knipetangsmanøver» for å tvinge Bremanger inn

Karin Andersen, stortingsrepresentant for SV og leiar i Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité, meiner Kinn er eit ulukkeleg ekteskap som på oppløysast.

Karin Andersen, stortingsrepresentant for SV og leiar i Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité, meiner Kinn er eit ulukkeleg ekteskap som på oppløysast. Foto: Stig Weston 

Nyheter

Det er Firdaposten, som har stilt spørsmål om oppløysing av Kinn til alle stortingspartia, som melder saka.

- Kinn kommune er ei ulukkeleg samanslåing, ein rein knipetangsmanøver for å tvinge Bremanger inn, seier Andersen.

Ifølge avisa meiner ho det er KrF som sit med nøkkelen til å få oppheva Kinn-samanslåinga, og at det handlar om at partiet må snu politisk.

KrF på si side er ikkje interessert i å diskutere saka, som dei kallar ein hypotetisk situasjon.

- Det skal svært mykje til for å rokke desse vedtaka no. Ut ifrå det, så ser vi ingen grunn til å forskottere ein heilt hypotetisk situasjon, seier Torhild Bransdal, kommunalpolitisk talskvinne i KrF.

SV har sagt nei til Kinn begge gongene.

- Vi har stemt mot denne merkelege samanslåinga to gonger, og gjer det sjølvsagt igjen, seier Andersen i SV.

Firdaposten sendte spørsmål  til alle stortingspartia om oppløysing av Kinn, men berre KrF og SV har så langt svara dei.