Vêret:

Vindfullt og meir snø i vente

Nyheter

I dag venter meteorologane snø og sludd. Vinden kjem som frisk bris av skiftande retning.

Tysdag blir det enkelte sludd- og snøbyer først på dagen. Elles er det venta stort sett opphaldsvêr. Vinden kjem om ettermiddagen som stiv og til dels sterk kuling.

Natt til onsdag er det venta sørleg liten storm på kysten.

Onsdag melder Yr om snø eller sludd som kjem som regn i låglandet og ytre strok. Midt på dagen er det venta litt lettare vêr. Vinden kjem frå onsdag morgon som sør og sørvest stiv kuling. Om kvelden søraust sterk kuling utsette stader, og på kysten blir det meldt om liten storm.

Torsdag er det venta snø, som kjem som regn i ytre strok. Frå ettermiddagen overgang til byer. Det blir søraust stiv og til dels sterk kuling utsette stader. Frå om ettermiddagen kjem vinden som liten kuling.