Vil ikkje gi frå seg retten til å bestemme sjølv

Gruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, la på møte i Fylkesutvalet måndag fram forslag til fråsegn om å seie nei til innlemming av EU sin tredje energimarknadspakke i norsk lov

Sigurd Reksnes, som er gruppeleiar for Senterpartiet, meiner ein må slå ring om råderetten ein har over energiressursane i Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Dette er ei særs viktig sak for Noreg, seier Reksnes i ei pressemelding.

– Dersom vi seier ja til EU sin energimarknad seier vi samtidig frå oss det meste av den nasjonale råderetten over energiressursane våre. Dette er ei viktig sak for Senterpartiet og eg er glad for at Fylkesutvalet samrøystes slutta seg til denne saka, seier Reksnes vidare.


Desse står samla for å skape vekst på kysten av Framtidsfylket

Strategisk plan for kysten av Sogn og Fjordane skal ferdigstillast i vår. Vågsøy, Selje og Bremanger var blant kommunane som deltok i eit større planleggingsmøte i Florø denne veka.

Han håpar ein får til ei brei mobilisering mot innlemming i energimarknaden, og meiner ein må slå ring om råderetten ein har over energiressursane i fylket.

– Her må vi gje tydleg beskjed til Regjeringa om at dette er eit dårleg forslag. Eg har i dag oppmoda alle våre kommunestyregrupper om å ta opp denne saka i kommunestyra rundt i heile fylket og eg forventar at eit samla Sogn og Fjordane seier nei til deltaking i EU sin energimarknad, slår Reksnes fast.