– Vanylven kommune ynskjer å satse på elevar som etter 10. trinn vel Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven. Vi set difor i gong eit forsøksprosjekt for skuleåret 2018-2019, heiter det i vedtaket frå kommunestyret.

Frå hausten vil dei som vel Herøy vidaregåande si avdeling i Syvde få 4.000 kroner til jul om dei fullfører på linene teknikk og industriell produksjon, helse- og omsorgsfag og studiespesialisering.

Til våren får elevane ytterlegare 6.000 kroner. Dei er også garantert sommarjobb når vg 1 er fullført.

– Vi ønskjer at ungdomane skal skjønne kor viktige dei er for kommunen vår. Dei som er ungdomane våre i dag er dei som kan bli våre framtidige innbyggjarar. Det er ein stor verdi for oss om dei vel å bli her. Kostnaden er større om dei reiser vekk, seier Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V).

– Det er eit skjebneår for skulen. I år har vi det lågaste elevtalet som har gått ut av grunnskulen nokon gong. Dette er ei ordning vi har kome på sjølv, og det er mange gode grunnar for oss å prøve dette, og så må vi evaluere korleis det går. Men vi håpar folk ser at vi vil satse på ungdomane vår, seier Landsverk Sande.

– Det er ikkje lett å skaffe jobb til alle, men vi skal klare det. Dei kjem først i køen, slår ordføraren fast.