Bystyret i Flora diskuterte sammenslåingen med Vågsøy tirsdag kveld og Myklebust er lite imponert over opptredenen til fleire av lokalpolitikarane til Flora i møtet.

I eit opent brev til Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) og prosjektrådmann i Kinn kommune, Terje Heggheim, gjev han klart uttrykk for kva han meiner om debatten som ein i sin heilhet kan sjå her.

Brevet som Nils Myklebust fredag sendte til Ola Teigen og Terje Heggheim kan du i sin heilhet lese her:

Til Ola Teigen og Terje Heggheim

Har sett videoopptaket frå kommunestyret i Florø.

Dersom Florø sine talsmenn og kvinner trur at motstanden i Vågsøy ang. Kinn kommune minkar med ein slik framgangsmåte, så trur eg dette kan være ei svært stor feilvurdering.

Har fått mange henvendingar som beskriv dette som utruleg nedlatande og respektlaust.

At prosjektrådmannen reiser til Oslo for å motarbeide eit vedtak i Vågsøy kommunestyre er berre heilt utruleg.

Burde ikkje alle i fellesnemnda vore kontakta før ein på vegner av nemnda ber om eit slikt møte?

Sjeldan så har vi sett så mangel på respekt for folket i Vågsøy.

Både du, Ola, og prosjektrådmannen bør snarast ta inn over dykk at de har eit stort ansvar for at folket i Vågsøy er blitt overkøyrde av eigne politikarar, de har oppfordra til det, om ikkje Heggeheim, så har iallfall du, Ola Teigen, gjort det.

De må også ta innover dykk at Vågsøy kommunestyre vedtok intensjonsavtalen med Kinn som det einaste kommunestyret i heile Norge som valte å ikkje følge tilrådinga frå enten folkeavrøysting elle innbyggarhøyring. Då vil eg minne dykk på kva direktøren i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, sa i Bergen: «skal ein lukkast med store endringar, så er det ei n føresetnad at ein har folket med seg». Men det har du vel gløymt?

Når du, Ola, fekk spørsmål frå ein av representantane om korleis du ville stille deg om det i folkerøystinga i Vågsøy skulle blinei til Kinn, og om du ville respektere det og arbeide for at Kinn ikkje vart noko av?

Då svarte du «det har eg overhovudet ikkje tenkt å gjere». Då spør eg, er det dette som folket i Vågsøy har i vente i framtida? At ordføraren i Kinn ikkje overhovudet vil ta omsyn til folket Vågsøy? Er det slik vi kan tolke di utsegn?

Her var det ikkje mykje rausheit å finne, berre arroganse.

Mvh

Nils Myklebust

Varaordførar i Vågsøy