Fartøyet med ei lengde på 62.80 meter, skal i tillegg kunne fiske med snurrevad, og blir den største som så langt er bygd i si klasse. Ved å ta i bruk batteriteknologi vil reiarlaget spare fleire titals tonn diesel i året. Dette fører til kraftige reduksjon i utslepp av klimagassar.

– Vi er svært opptatt av å få klimagassutsleppa så lave som mogleg. Batteripakken som kjem om bord i Atlantic vil først og fremst avlaste hovudmotoren, slik at den kan gå jamnare og på eit meir gunstig turtall. Til dømes når vi går i ruskete sjø vil dette ha stor innverknad. I tillegg til batteripakken har vi gode system for gjenbruk av varme, og vi har den beste teknologien for å redusere NOx-utsleppa, seier Kjell-Gunnar Hoddevik, skipper og dagleg leiar i Atlantic Longline, i ei pressemelding.

Fleire fiskebåtreiarar satsar på miljøvennlege og energieffektive løysingar når dei bygger nytt. Reiarlaget Lie Gruppen i Hordaland, har nyleg kontrahert ein hybrid snurpar som vekslar mellom LNG og straum.

– For oss er det viktig å vere i forkant når det gjeld å ta i bruk miljøteknologi. Ved å ta i bruk LNG med elektrisitet, tar vi eit langt steg i retning av å redusere klimagassutsleppa. NOx-utsleppa blir redusert med 90 prosent og CO2-utsleppa med 20 prosent, seier dagleg leiar i Liegruppen fiskeri, Ole Christer Lie.