– Det er vel første gong eg står på ski på ti år eg også, smiler mor Camilla.

Familien er på vinterferie på Fiskå, og hadde valt å legge turen til Harpefossen laurdag. Dette var for mange første dag i vinterferien, og fleire nytta høve til å ta seg ein tur i løypene.

– Så langt er det bra. Vi har hatt ein stabil vinter utan dei store variasjonane i temperatur, fortel Jarle Tor Åsebø, som er økonomi- og presseansvarlig for Harpefossen skisenter.

Fredag vart løypene klargjort for vinterferien, og skisenteret er ope alle dagar den komande veka.

Du kan sjå fleire bilete frå den første dagen i vinterferien på Harpefossen i karusellen øvst i saka. Det blir også meir om skisenteret i Fjordenes Tidende tysdag.