I dette ligg det, ifølge ei pressemelding frå Selje kommune, bruk av disposisjonsfond på 2,5 millionar kroner, slik at reelt resultat er eit overskot på kr 12,9 millionar. Rekneskapen er ikkje revidert så endringar fram til ferdig revidering kan forekome.

– Det er svært gledeleg at rekneskapen for Selje kommune atter ein gong viser solide tal og at vi får eit godt overskot, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Ordføraren vil berømme alle tilsette, tenesteleiarar og rådmann for dette og resultatet.

– Resultatet gjev Selje kommune mogelegheiter for å løfte fleire viktige positive utfordringar for kommunen framover. Vi har store løft foran oss som gjer at vi må ha økonomisk buffer til å kunne satse, seier Osdal.

Selje kommune har no om lag 23 million kroner på disposisjonsfondet.