Millionane rullar fort på Pelagia Kalvåg om dagen. På fem månader blir det brukt 59 millionar kroner for å bygge verdas beste fabrikk for tilarbeiding og marinering av sild. Det kjem i tillegg til dei 19,6 millionar kroner som vart brukt i fjor på ny avdeling for matjessild

– Den nye fabrikken vil gje auka produksjon og enorm kvalitetsforbetring. Dette har vi prøvd ut i to år, så vi veit vi skal få det til. Det er dette vi er gode på, konstaterer Røys.

Midt i kaoset

Det som for nokre dagar sidan var ein velfungerande fiskefabrikk, er no eit godt planlagt kaos. Det blir sveisa og skrudd, banka og kutta, store maskiner, røyr og leidningar blir demontert og køyrt ut av fabrikken, alt går til gjenvinning. Per Røys står midt i det. Og smiler.

– Det blir ein heilt ny fabrikk, produksjonen aukar og kvaliteten blir betre. 15. mai skal alt vere klart til å ta imot den første sildebåten, seier han.

Då Pelagia endeleg gav grønt lys for storsatsinga i Kalvåg, kom det etter fleire år med uvisse om kva som ville skje med fabrikken.

Pelagia hadde for mange fabrikkar langs kysten. Det ville komme nedleggingar, og Kalvåg-fabrikken var ein av dei som i fleire år levde farleg. Ja, på eit tidspunkt kom det signal frå konsernleiinga om at same kva dei gjorde og sa i Kalvåg, så ville fabrikken bli lagt ned.

Men det ville ikkje fabrikksjef Per Røys godta. Han var sikker på at tilarbeiding av sild i Kalvåg var liv laga, og nye økonomiske modellar som viste at fabrikken ville levere gode resultat, kopla saman med kreativitet og nyvinningar, og at dei 60 tilsette leverte eit stadig betre kvalitetsprodukt, fekk konsernleiinga til å tenke seg om.

– For å overleve måtte vi satse alt på å reindyrke vår nisje; tilarbeiding av sild. Det er det vi er gode på. Eg er veldig glad for at vi har ein økonomisk sterk eigar med oss på det. Viss vi leverer har vi lagt eit godt grunnlag for langsiktig drift i Kalvåg, seier Røys i dag.

Men han legg ikkje skjul på at det var nokre blytunge år før han kunne fortelje dei tilsette gladbodskapet at Kalvåg-fabrikken var sikre drift i mange år.

Tre tønner i minuttet

– Vi er veldig robuste no. Vi har ein stabil og flott arbeidsstokk som har jobba systematisk med å utvikle eit kvalitetsproduktet som vi får veldig gode tilbakemeldingar på.

Det blir ein mykje større og meir effektiv produksjon, den nye fabrikken kan produsere 200 tønner i timen, ei fordobling frå dagens kapasitet. Det er mogleg fordi silda blir marinert, krydra og salta samtidig.

Produksjonen blir auka med 8.000 tonn til 40.000 tonn råstoff, noko som blir til 200.000 tønner marinert sild. Det betyr også at det kjem fleire sildebåtar til Kalvåg, og det betyr igjen at det blir fleire trailerar på vegen til Kalvåg. Ein del av silda blir frakta ut på båt, men mykje må framleis over på bil.

– Men vi arbeider no med noko vi kallar repakking. I staden for å sende tønner på trailerar, skal vi pakke silda over på kassar eller kar. Dei blir pakka med mindre lake, i dag er det like mykje lake som sild i tønnene. Den nye pakkemetoden gjer at vi får meir sild på kvar trailer. Det vil gje stor innsparing på frakt, og vi håper det vil føre til at trailertrafikken ikkje aukar, seier Røys.