– Der er det måløyværingar, der, og der, og der er det polljarar, seier Nina Jensen Birknes.

Ho står på den øvste av tre campingplassar i tilknyting til Harpefossen skisenter og peikar på nabovognene.

– Det er veldig mykje småbarnsfamiliar her. Det har vore eit generasjonsskifte i form av at vi har byta ut foreldra våre med oss. Her er mange unge i 30–40 åra med barn, og her er mange kompisar av ungane, forklarar Birknes.

Er i «Dalen» kvar helg

Familien, som består av mamma Nina, pappa Odd-Geir og barna Adele (10), Balder (8) og Kasper (5), kjøpte seg campingvogn før jul i 2016.

Før dei fekk seg vogn køyrde dei ofte inn på kveldskøyring slik at ungane skulle lære seg å stå på slalåm. No er dei næraste nabo til skitrekket.

– Vi snakka lenge om campingvogn, og lurte på Dønfoss. Men så fann vi denne og bestemte oss om lag på dagen. Vi innser at vi ikkje kunne fått det betre, fortel Nina, og legg til:

– Har kan ungane stå på slalåmskia heilt til inngangsdøra.

Familien nyttar seg av vogna om lag kvar helg i løpet av vinteren, men dei brukte den også ein del i fjor sommar.

– Vi gjekk på fjellet og i skogen, og plukka blåbær, og møtte hestar, sauer og kyr. Her er fantastiske turmoglegheiter. Det er veldig mange som stort sett nyttar seg av vogna eller hytta om vinteren. Det kjennast i alle fall ut som om vi var her aleine, fortel Birknes.

Er ute heile dagen

Familien reiste til Harpefossen førre fredag og skulle vere der til tysdag ettermiddag.

– Vi plar køyre inn slik at vi er her til kveldskøyringa startar rundt 17.30. Når laurdagen kjem er vi ute så lenge trekket er ope. På kveldstid møtast ungane for å ake i akebakken. Så vi er stort sett ute. Det er heilt suverent, slår Birknes fast.

Første helg i vinterferien var det i overkant av 800 personar som fann vegen til skisenteret.

– Det var bra med folk, men vi konkurrerer med OL-sendingane på TV. Men eg kan nemne at vi har skjermar både i varmestova nede på Harpefossen og på Furuhogane, smiler Jarle Tor Åsebø, som er økonomi- og presseansvarleg for Harpefossen skisenter.

Fleire billettar enn budsjettert

Harpefossen skisenter har i år budsjettert med 2,1 millionar i billettinntekter. Allereie før vinterferien var i gang har skisenteret selt billettar for 2,3 millionar.

– Det skal seiast at vi har vore litt nøkterne i budsjetteringa fordi vi hadde ein dårleg sesong i fjor. Når det er sagt er det sjølvsagt gledeleg at vi allereie har nådd budsjett og litt til, seier Jarle Tor Åsebø, som er økonomi- og presseansvarleg for Harpefossen skisenter.

Denne sesongen har gått langt betre. Skisenteret opna i november og har stort sett halde ope dei siste tre månadane.

– Det har vore andre år der vi har opna så tidleg, men i år har vi sloppe dei store variasjonane i vêr og temperatur, og vi har unngått dei milde periodane, fortel Åsebø, som har vore involvert i skisenteret sidan 1985.

Harpefossen skisenter har halde ope sidan november. Den gode starten gjer at dei allereie har 200.000 kroner meir i billettinntekter enn dei hadde budsjettert med for årets sesong. Foto: Marianne S. Rotihaug Marianne S. Rotihaug

Sjølv om billettinntektene er gode, understrekar Åsebø at gode forhold gjer at det blir fleire dagar med utgifter.

– Når vi har fleire driftsdagar aukar også kostnadane, men for all del, vi skal ikkje klage. Vi får sjå korleis det går når det endelege resultatet kjem.

Eit eventuelt overskot skal gå til å utbetre anlegget.

– Vi har planar om å planere meir, slik at vi kan byrje å køyre trakkemaskinene på mindre snømengd enn vi kan i dag. Vi vil også utvide moglegheitene for snøproduksjon, men dette er noko ein gjer ved hjelp av tippemidlar, forklarar Åsebø.

I tillegg til dette arbeider ein med å lage ei rulleskiløype på i overkant av ein kilometer. Asfaltering skjer til sommaren. Går alt etter planen skal løypa opnast i løpet av sommaren.

I tillegg til Åsebø er det to vintertilsette på Harpefossen skisenter. Dette er Simen Nord og Tore Kroken Karlsen. Sistnemnde har ansvar for skipatruljen.

– Vi har veldig lite skader med tanke på kor mykje folk det er her, slår han fast.

Dei leiger også inn tidlegare driftsleiar Oddgeir Åsebø ein dag i veka frå Eid kommune.

Fredag heldt senteret stengt for å førebu traseane på storinnrykk, men i ferien skal heisane vere opne kvar dag.

Men det har ifølge dei tilsette vore god aktivitet i senteret, også i forkant av ferien.

– Det har vore bra med folk på kveldskøyring. Og så er vi nettopp ferdige med skiskulen, som har blitt arrangert fem onsdagar i vinter. Her har vi hatt med om lag 60 ungar i alderen seks til ti år. Ein av tre var nybegynnarar, men på siste kursdag kunne vi nesten ikkje sjå kven desse var, smiler Åsebø.