– Dette er den første cruisebåten som kjem til Kalvåg, og då gjaldt det å vere kreative med tanke på kva vi kan tilby. Cruiseselskapet Saga etterspurde heimebesøk, og då sa vi ja, smiler Jorunn Frøyen.

I kvart av dei to rundt 100 år gamle husa i Kalvåg skal det tre grupper med ti turistar innom i løpet av måndagen. Planen er at turistane skal få servert kaffi og sveler og få ein presentasjon om Kalvåg si utvikling, samt historia om dei godt bevarte husa.

– Det er veldig få hamner som tilbyr heimebesøk, sjølv om det er svært populært. Vi la opp til to grupper i kvart av husa, men det var utselt før jul, så då måtte vi sette opp ei gruppe til, forklarar Gulestøl.

450 engelske turistar

Gulestøl er ansvarleg for reiseliv i Bremanger kommune og fortel at kommunen vil satse på å få fleire skip til kai.

– Dette er noko som ligg inne i den strategiske næringsplanen, og er noko vi ønskjer å satse på, seier ho, og legg til:

– Det er veldig kjekt at Bremanger får sitt første cruiseanløp. Det er ein kystkommune der skipa renn forbi, så det er kjekt at vi har fått ein av dei til å stoppe. Aktivitetane vi tilbyr i Kalvåg har selt godt på denne turen, så det viser at vi har eit godt potensial.

Saga Pearl 2 legg til ved Kalvåg kai måndag morgon og blir liggande til utpå kvelden. Om bord er det om lag 450 engelske passasjerar i tillegg til ei bemanning på om lag 250 personar.

– Dette er ei spennande satsing, så lenge det blir gjort på ein berekraftig måte. Vi kan ikkje ta imot dei største båtane, og det må vere turistar som er interesserte i plassen, seier Jorunn Frøyen.

Vil ha Kalvåg som destinasjon

Wenny Hansen i Travel in Norway har gjennom sin tidlegare jobb som dagleg leiar i FjordKysten arbeidd for å få Kalvåg som ein cruisedestinasjon. No er ho leigd inn som ansvarleg for anløpet til Saga Pearl 2.

– Ein har marknadsført Kalvåg på ulike workshopar, og det var i 2016 vi fekk bookinga frå Saga. Det er lang innsalstid på slike anløp. Det blir jobba vidare med å få fleire skip til Kalvåg, og vi veit allereie at Saga har bestilt plass til eit skip til i 2019, fortel Hansen.

Blir ønska velkomne

Når cruiseturistane kjem i land i Kalvåg blir dei akkompagnert av Kalvåg skulemusikk.

– Det blir ein folkefest, slår Ann Irene Gulestøl, som har ansvar for reiseliv i Bremanger, fast.

Saga Pearl 2 kjem inn Frøysjøen frå nord, rundar under Hornelen og seglar inn til den nye kaia på Kalvøya der Kalvåg Skulemusikk skal ønskje gjestane velkomne. Foto: Picasa

I tillegg til skulemusikken, skal elevar frå Kalvåg Oppvekst ønskje turistane velkomne, og Kalvåg Kystlag vil handtere trosser, kontrollere og bemanne kaia under heile opphaldet.

Når engelskmennene har blitt ønska velkomne skal dei vidare på ulike aktivitetar.

– Ein har tilbydd ulike aktivitetar, og så har agentar og reiarlaget valt ut kva for nokre dei skal tilby turistane sine, forklarar Wenny Hansen i Travel in Norway, som har ansvar for anløpet i Kalvåg måndag.

Det blir totalt tre guida bussturar til Kalvåg, Kalvåg kyrkje, Kulturhuset Heimen og Grotlesanden, det blir også to guida bussturar til Hjortegarden i Ålfoten. Dei tar buss via Bortnetunnelen til Ålfoten med retur via Davik og Rugsund. I tillegg skal 60 turistar på heimebesøk.

– Fleire turistar vel å vere att på båten, og nokre vil kanskje gå rundt i Kalvåg på eiga hand. Men vi har fått høyre frå reiarlaget at det har vore veldig godt sal på aktivitetane vi har kome opp med. Det er veldig kjekt, seier Hansen.