– Vi er ein liten og oversiktleg barnehage som har god og nær kontakt med foreldra. Dei får innsyn i korleis vi gjer det i kvardagen og korleis vi brukar ressursane våre, samstundes som dei er engasjerte og kjem med innspel og idear. I tillegg har vi ei flott og stabil personalgruppe, fortel Nygård, som er inne i sitt ellevte år som dagleg leiar i barnehagen på Bryggja.

Feiring: Då det vart klart at Fjordly barnehage fekk toppscore, og med det er blant dei beste barnehagane i landet, vart det skipa til feiring.

I ei undersøking Utdanningsdirektoratet har gjennomført går det fram at Fjordly barnehage får toppscoren fem poeng. Det er foreldra til barna som har svart på undersøkinga som handlar om korleis foreldra opplever barnehagen.

– Ein barnehage på vår storleik er oversiktleg, trygg og har ei roleg atmosfære. Alle kjenner alle, både tilsette, barn og familiane. Om vi var fem-seks gongar større, så hadde ikkje det vore mogleg. Det finst mange gode store barnehagar, men vi er veldig glade for å vere små.

Nyttar seg av bygda

I barnehagen er dei om lag ti tilsette og 24 barn. Dei er delt på to avdelingar, men ofte blir dei delt inn i enda mindre grupper. Det meiner Nygård er ein av suksessfaktorane.

– Vi delar barna inn i mindre grupper for å kunne gjere litt meir spesielle aktivitetar. I dei mindre gruppene får ein den interaksjonen ein ønskjer mellom vaksne og barn, og mellom barna sjølve. Det er også lettare å sjå kvar enkelt unge. Vi likar godt å jobbe i små grupper.

Når barna er i mindre grupper, reiser barnehagen gjerne på aktivitetar i bygda.

– Vi brukar veldig mykje av det rundt oss og er mykje ute, både vinter og sommar. Vi sår og haustar, plukkar bær og lagar syltetøy, vi reiser på fisketurar, bakar saman med Turid på bakeriet og reiser på gardsbesøk til gardane i nærområdet, smiler Nygård, og legg til:

– Vi får mykje støtte frå blant anna naboar, butikken, Saniteten og foreldra. Vi er veldig privilegerte i barnehagen.

Har eigarskap til arbeidsplassen

Dei ti tilsette i Fjordly barnehage er kvinner.

– Det er ein rein kvinnearbeidsplass, men vi har foreldre som stiller opp, og menn som bidrar i aktivitetane, så barna får fleire rollemodellar. Likestilling handlar om å gi barna gode rollemodellar, men først og fremst om at alle skal ha like moglegheiter. Vi prøvar å ha ulike aktivitetar, både fisking, snikring og baking, fortel Nygård, som også peikar på at dei har ei stabil personalgruppe.

– Dette er ein arbeidsplass folk trivst på, og alle yt meir enn dei nyt. Eg trur også at alle som arbeider her føler at barnehagen er litt deira. Grunna den gode trivselen har vi sjeldan ledige stillingar.

Men barnehagen har plass til fleire barn. Per i dag er det 4 barn som høyrer til i Fjordly barnehage, som er bygd for 40 barn.

– Per i dag er her barn frå Måløy, Selje og Bryggja. Mange har lurt på korleis det vil bli etter grensejusteringa, men det blir inga endring. Vi har ope for dei som vil kome å gå i barnehagen vår. Vi har også sett på moglegheitene for å sette opp transport frå ytre om det blir mange nok som går i barnehagen, forklarar Nygård.