Knutholmen har utvida med meir kai og meir bruk av kaiane, og i samarbeid med Tryg Forsikring blir det no endå betre dekning av bøyer i hamneområdet.

- Redningsbøyene er blitt som ein del av kysten. Dei skal vere tilgjengelege over alt. Skulle noko skje, er det kjekt at det er kort veg til ein bøye som kan redde folk, seier Jan Halstensen, dagleg leiar i Tryg Forsikring Florø og Jan Fredrik Fosse på Knutholmen.

Det er 45 000 redningsbøyer i Norge, og Sogn og Fjordane er det fylket som har flest.

Sidan 1952 reknar ein med at bruk av redningsbøyene har redda over 1000 liv.