– Det handlar om å sjå ungane og vere der saman med dei. Det har vi moglegheit til, og det var det vi tenkte då vi starta ein liten barnehage for dei minste.

Lagde sin eigen barnehage

Kjørstad og Nilsen starta Snøkrystallen barnehage i 2007. Då hadde ingen av dei jobb eller barnehageplass til ungane.

– Eg sat i barnedåpen til ungen min, og Mari var der for å døype sin. Eg såg ho og tenkte at ho må eg ringe for å høyre om vi skal starte ein barnehage. Ingen av oss hadde jobb, og vi fekk ikkje barnehageplass. Dette var før Golvsengane var bygd, forklarar Kjørstad.

Dermed var Snøkrystallen småbarnehage eit faktum.

– Namnet går på at vi ønskjer å sjå kvar unge som ein snøkrystall, unik, seier Kjørstad.

Dei to eigarane starta med åtte barn. I dag er det tolv ungar som går i barnehagen som ligg i første etasje i bustadhuset til Kjørstad i Myklebuståsen på Nordfjordeid. Barna er frå null til tre år, og dei er fem tilsette, alle damer.

Gir ungane opplevingar

I likskap med Fjordly barnehage på Bryggja fekk Snøkrystallen småbarnehage toppscore i undersøkinga Utdanningsdirektoratet gjennomførte nyleg.

– Det er takka vere alle dei tilsette. Det er dei som ser foreldra og ungane kvar dag som skal den største æra. Dei er vi stolte av, slår styraren fast.

Ho fortel at dei er som barnehagar flest, men at dei prøver å gi ungane opplevingar.

– Kvardagen i barnehagen er ganske føreseieleg. Vi gjer ikkje dei store sprella, men vi tar ungane med på mykje. Vi delar dei opp i mindre grupper og lar dei ta del i opplevingar, seier Kjørstad, og legg til:

– Vi har vore og besøkt svanene på Bjørlo, vi har vore på gardsbesøk på Alsaker, i Hennebygda på hausting av eple, og så er vi mykje i skogen som ligg i enden av gata vår.