I Bremanger bur det no per 1. januar 2018 3.767 personar, medan det i Vågsøy bur 6.001, ein nedgang på 30 personar det siste året.

I Selje er det offisielle folketalet per årskiftet 2.757 etter ein nedgang på 34 personar det siste året, medan Vanylven har fått redusert folketalet med 16 personar til 3.187.

– Råd å skape vekst

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er strålande nøgd med utviklinga i sin kommune.

– Eid veks mest i Sogn og Fjordane for 2017 sett under eitt i prosentvis vekst, saman med Gloppen, Sogndal og Solund. Veksten i Eid i 2017 er meir enn dobbelt så høg som folkeveksten nasjonalt, (1,5 prosent mot 0,7 prosent, seier han, og peikar på at Eid også no har hatt folketalsvekst ni kvartal på rad, og i 16 av dei 17 siste kvartala.

Folketalsauken i Eid i 2017 kjem både av fødselsoverskot, netto innflytting frå utlandet og netto innflytting frå andre kommuner i Norge, forklarar Bjørlo, som har sett nærare på tala.

– Den sterke folketalsveksten i Eid dei siste åra syner at det er råd å skape vekst, optimisme og attraktive stader å bu også i distrikts-Norge, seier han.

Riggar seg for framtida

Bjørlo meiner det vil gå bra for Eid framover også.

– Eid har satsa sterkt på sentrumsutvikling, bustadbygging, gode skular og oppvekstvilkår for born. Vi har også lagt vekt på tett samarbeid med næringslivet, slik at kommunale vekst-strategiar og utvikling som skaper nye arbeidsplassar går hand i hand, seier han og legg til:

– Eid er rigga for vekst også i åra framover, med god kapasitet på nye tomter og område til utbygging av nye leilegheiter i Nordfjordeid sentrum, og eit næringsliv i Nordfjord i sterk utvikling. Det blir no også førebudd nye kommunale tomtefelt i gangavstand til barneskule både i Kjølsdalen, Stårheim og Mogrenda/Hjelle, for å sikre ei balansert utvikling mellom sentrum og bygdene i Eid, seier ordførar Alfred Bjørlo.

I Flora kommune opplever dei også nedgang i folketalet over det siste året. Kommunen har mista elleve personar og tel no 11.988 menneske.