– På solistsida har vi eit herleg lag av songarar som har vore med Måløy Musikklag ved mange høve. Desse er Randi Melheim, Annette Myre Silden, Gunnar Domstein og Egil Melvær. Så er det veldig hyggeleg å for første gang ha med Birte Sandal Rikstad, Chris N. Silden og Paul-Inge Angelshaug, opplyser musikklaget.

– Vi syns det er kjekt å variere litt på vokalistane. Dei står jo i front og presenterer showet. Vi må hugse på at folk ikkje berre kjem for å oppleve Måløy Musikklag og få seg eit godt måltid. Dei kjem også for å oppleve gamle og nye vokalistar, supplerer Arve Hjelle, som har regien på showet.

I tillegg til å ha Måløy Musikklag i ryggen har songsolistane eit rutinert komp i ryggen. Dette består av Vidar Furnes, Bjørn Helge Syre og Harald Barmen.

Trur på fullt hus

Den 27. dansegallaen har fått namnet Late Night Show, og programmet er sett saman av 17 ulike låtar. Her er slagerar som spenner frå Michael Bublé, Sting og Robbie Williams via Shakira, Celine Dion, Tina Turner og Jennifer Nettles til Bon Jovi, Ed Sheeran, Hellbillies, Garth Brooks og Pink.

– Om vi då plussar på eit par duettar med Kenny Rogers og Dolly Parton, samt Tina Turner og David Bowie er lista bortimot komplett, slår musikklaget, som blir dirigert av Tryggve Dyrvik, fast.

Medlemmane garanterer at blir ein flott kveld med strålande underhaldning.

– Talet gjestar har auka for kvart år, og sist år var det igjen fullt hus og fantastisk stemning. Det tar vi som eit teikn om at vi alle er klare for å kome ut av vinterdvalen, slå oss litt lause og møte våren. Eg er overbevist om at det blir fullt hus, seier Hjelle, som legg til at dansegallaen er ei viktig inntektskjelde for laget.

– Vi er avhengige av inntekter for å drive korpset, og dette er eit av våre to store arrangement, saman med Nissefesten.

Held på tradisjonane

Dansegallaen går føre seg i Samfunnshallen 10. mars, og musikklaget har valt å følgje den same oppskrifta som dei har brukt tidlegare år.

– Kveldens meny er vårt tradisjonelle og anerkjente havets festbord. Tradisjonen tru blir kvelden avslutta med dans. I år presenterer vi dansebandet Purple, eit fantastisk åttemannsorkester frå Ålesund med måløyværingen Kjell Midtgård i spissen, opplyser Måløy Musikklag.