– Eit stort spørsmål, som Ove har prøvd å svare på. Han har simpelten laga ein litterær kanon frå fylket vårt, ei liste over den litteraturen han meiner står seg best, heiter det i ei pressemelding.

Denne litterære fylkestoppen laga han i samband med at Sogn og Fjordane fylkesbibliotek lanserte nettstaden med forfattarar frå fylket, og var då fleire stader i fylket og presenterte kanonen.

– Det biblioteka først og fremst ynskjer med denne turnéen, er å fremje kjennskapen om eigen litteratur, og fremje lesing og bruk av denne litteraturen, for det fortener han, heiter det i pressemeldinga.

No er turen komen til Nordfjord, og med midlar frå Fritt Ord skal det i veke ni, ti og elleve vere arrangement i seks nordfjordkommunar: Eid, Stryn, Selje, Vågsøy, Gloppen og Bremanger.

Det vil vere lokale høgtlesarar alle stader, som sjølv vel ut kva dei vil lese.