– Vi tek ein del nye grep. Tanken er å gjere det enda triveligare og betre, seier Arild Hjelmeland.

Han var sjølve personifiseringa av Påsketreffet i ti år, men i fjor valde Nordfjord Vekst å arrangere sjølv.

I år er Nordfjord Vekst historie og Hjelmeland er tilbake.

Han er prosjektleiar leigd inn av arrangør Nordfjordeid Næringshage. Eid kommune er prosjekteigar.

I ryggen har Hjelmeland ei prosjektgruppe med representantar for Stad Vekst, Eid kommune/Stad2020, Malakoff og Operahuset.

Bli-kjent-fest

Påsketreffet har bygd seg opp til å bli ein populær arena å møtast tysdagen i påskeveka både for fastbuande og folk som er heime på ferie.

På tiårsjubileet i 2016 var 400 menneske til stades og det var over 40 standar i foajeen på Operahuset.

Då det starta 10 år før, vart det arrangert på Nordfjord Hotell med 60 gjester og seks standar. Målet i år er ambisiøst: 500 personar og 50 standar.

– Det blir ikkje same type standar som tidlegare, vi deler det inn i seks-sju grupper etter bransje og innhald. Til dømes kan der vere ein seksjon med ledige stillingar, og det kan vere ein seksjon for dei som ynskjer å etablere seg med næring. Der kan til dømes Næringshagane i Nordfjord, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken og Eid Industrihus samle seg, seier Hjelmeland, og legg til:

– Tanken er at det skal ha meir form av mingling og bli-kjent-fest utan avbrot.

Håpar Vågsøy blir med

Det blir ei spesiell satsing på Eid, Bryggja, Selje i år sidan dette området blir Stad kommune i 2020.

Men Hjelmeland understrekar at heile Nordfjord er marknaden.

– Vi håpar mellom andre Vågsøy-firma vil bli her. Dei er kjent for ikkje å sjå grenser, og det gjer ikkje Påsketreffet heller, seier han, og peikar også p åStad 2020.

– Så er det også naturleg at Stad2020 markerer seg på treffet sidan det blir ei ny eining frå 2020.

Vi ha folk frå heile Nordfjord

Hjelmeland seier dei vil organisere eit opplegg med transport til heile Nordfjord.

– For å få til det er vi avhengig av påmelding på heimesida til Stad2020. Er det 20 som treng transport, set vi opp ein minibuss, er det tre, organiserer vi privatbil. Tanken er at folk skal kose seg og kome seg heim etterpå.

Planen er at også maten skal vere regional. Ulike restaurantmiljø frå stader som Måløy, Eid, Gloppen og Stryn blir utfordra til å lage eit felles matbord.