- Mange som har kome eller flytta til vår kommune har aldri vore på sjøen eller om bord i ein båt. Vi tenkte ein slik tur ville vere fint for at dei skulle få oppleve kulturtradisjon og kulturarv i lokalsamfunnet vi alle lever i, seier kulturkonsulent i Bremanger kommune Bodil Strømmen Edvardsen.

Saman med Anita Løwer i kommunen er ho ansvarleg for å drifte relativt nystarta Bremanger frivilligsentral.

Haugefisk la frå kai ved Igland laurdag føremiddag og tok deltakarane med på ein tre timars tur.

- Regnet stod inn og det var friskt i periodar der ute, men vi fekke berre positive tilbakemeldingar, smiler Edvardsen.

Les heile saka om Bremanger frivilligsentral og deira tilbod i papirutgåva av Fjordenes Tidende tysdag.