– Det er ikkje samsvar mellom rammene og tenestevolumet. Og det må vi snart ta innover oss – elles er det ikkje sikkert at eg er rette person til å styre dette! sa Bremanger-rådmann Tom Joensen i kommunestyret torsdag føremiddag.

Det er ikkje første gang Tom Joensen har halde økonomiske tordentalar for bremangerpolitikarane, men denne gongen var det med utgangspunkt i eit høgst reelt overforbruk i 2017-rekneskapen på vel 17 millionar kroner.

– Vi har enormt stramme rammer, og det skal omtrent ingen avvik til før det er trøbbel med rekneskapssituasjonen. Sjølv om vi har høgare inntekt per innbyggar enn kommunane rundt oss, brukar vi også meir pengar per innbyggar enn andre, forklarte Joensen.

2017 blei redda økonomisk, men berre grunna 23,5 millionar som kom frå konkursbuet etter Terra Securities, samt at Bremanger sine høgst ustabile renteavtaler, dei såkalle derivatavtalane inngått under Terra-tida, plutseleg svinga rett veg og gav bokførte inntekter.

– Vi sit av den grunn igjen med eit betre resultat enn andre, men vi brukar likevel altfor mykje pengar. Kostnadane og produksjonen vår er altfor høge i forhold til ramma vi har, sa Joensen, som igjen oppmoda politikarane om å ta grep.

– Vi må etter kvart tore å gjere endringar. Vi prøvde med analyse av dei to store sektorane (oppvekst og helse og omsorg, journ. anm) men dessverre er det ikkje stor vilje til å gjere endringar.

På inntektssida låg Bremanger omtrent på budsjett i 2017, og det er lite kommunen kan påverke her.

– Rammetilskotet blir påverka av befolkningsutviklinga, og ut ifrå dei siste tala, med nedgang på 82 det siste året, kjem vi dårlegare ut, sa Joensen, som peikte på eigedomsskatten er det einaste verkemiddelet Bremanger har full råderett over.

Overforbruket i rekneskapen får konsekvensar for inneverande år. Mellom anna må inndekkinga av det akkumulerte underskotet etter Terra doblast i 2018 – til 30 millionar.

– Utfordringa vår er at vi må justere ned utgiftene, samtidig som vi veit at helse og omsorg berre kjem til å auke dei neste åra, med auka eldreomsorg, barnevern rus og psykiatri. Og vi klarer ikkje desse oppgåvene vi veit vil dukke opp og som er lovfesta, slår Joensen fast.