– Tanken bak mitt forslag er at eg ville lage noko nytt til ein ny kommune. Eg har sett fleire forslag som tar utgangspunkt i dei «gamle» våpena, men eg har prøvd å lage noko annleis som symboliserer det friske og naturlege med Nordfjord, forklarar Pavelich.

26-åringen, som er utdanna grafisk designar, bur og arbeider i Oslo. Han har levert eitt forslag i ulike fargekombinasjonar.

– Dei tre elementa som eg brukar kan representere fjell, fjord, vêr, bølgjer, fisk eller vind. Bølgjeelementa er også meint å vere ein referanse til fylkeskommunen sitt våpen. Elementet under bølgjene kan vere land eller sjø, forklarar han, og supplerer:

– Eg ville halde det enkelt, men også attkjennande både nært og på avstand.

– Om ein vel eitt våpen der fjordhesten eller Sunniva er i fokus, så kan det vere at nokre blir misfornøgde. Ein kan ikkje «please» alle. Difor tenker eg å lage noko nytt til ein ny kommune, ein ny start og nye generasjonar, slår 26-åringen fast.

Glad for å bli involvert

Pavelich rosar kommuneleiinga for å involvere innbyggjarane i prosessen.

– Det er veldig kjekt at dei gjer det, og det er kult at dei lar folket vere med på prosessen. Eg tvilar ikkje på at dei har fått inn mange forslag, seier han.

26-åringen syns det hadde vore stas om hans forslag vart det framtidige våpenet til Stad kommune.

– Det syns eg hadde vore veldig artig. Det er noko som er ein del av heimstaden til innbyggjarane. Folk ser det kvar einaste dag og assosierer seg med det, smiler han.

Namnenemnda for nye Stad kommune har henta inn forslag frå små og store i prosessen fram mot nytt kommunevåpen.

– Vi har involvert både skular og barnehagar i Eid og Selje kommunar. Vi er veldig glad for alle innspel. Desto fleire som sender inn, jo tydlegare ser vi kva folk tenkjer og ønskjer. Det er enda ikkje for seint å kome med sine forslag, fortel Gerd Fløde Bjørlo som organiserer arbeidet i namnenemnda.

To uker til fristen

Det er namnenemnda som arbeidde med namnet på den nye kommunen i fjor vår, som no arbeider for å få henta inn framlegg til nytt våpen. Nemnda har bede innbyggjarane kome med forslag.

– Når fristen går ut 15. mars skal vi ha eit møte for å samanfatte dei innkomne forslaga. Nokre har sendt direkte til Eid kommune, medan andre har sendt til Selje. Eg har ikkje oversikt over alle, men det er god variasjon i innspela, fortel Bjørlo, og utdjupar:

– Det er nokre som spelar på dagens våpen med fjordhest og Sunniva, medan har andre har fokus på vikingskip, og vikingskip gjennom Stad skipstunnel. Og så har vi dei som har laga meir abstrakte forslag.

Bjørlo, som i tillegg til å vere ein administrativ ressurs for namnenemnda er rådgjevar i Eid kommune, fortel at nemnda skal kome med ei tilråding til fellesnemnda.

– Vi skal ha eit møte i slutten av mars og kome med ei tilråding til fellesnemnda, og så blir det opp til dei å velje eit tema med bakgrunn i dei forslaga som har kome inn. Deretter skal vi få ein designar til å teikne eit forslag. Til hausten kjem vi til å ha valt eit våpen.

Nokre av dei som har sendt inn sine framlegg har ikkje lagt ved ein illustrasjon. Dei har skrive korleis dei ønskjer at våpenet skal sjå ut. Ein av desse er Kasper Hjelle.

– Forslaget frå meg er følgande. Ein fjordhest med kneisande hovud og beina godt planta på jorda. På ryggen sit St. Sunniva, i kvit sid kjole, med gullkrone/diadem på hovudet, ho var truleg lys i håret etter opprinnelsen. Fjordhesten skal vere gullfarga med kvit lugg/man og hale. Svenskane kallar fjordingen for den gule norske hest, skriv han.

Jakob Henden har eit liknande framlegg:

– Det nye kommunevåpenet må vere Sunniva sittande på ein fin fjordhest, skriv han.

Andre meiner skipstunnelen og vikinghistoria må ha ein sentral posisjon.

– Foreslår vikingskip (Myklebustskipet) gjennom Stadtunnelen. Representerer viktige satsingar i begge kommunar, skriv Grete Solborg Fure i ein e-post til namnenemnda.