Men dei er i konkurranse om den attraktive lokaliteten. Dei tre lakseoppdrettsselskapa Austevoll Melaks, Langøylaks og Troland Fiskeoppdrett frå Austevoll søker også om konsesjon til lakseoppdrett i same område utanfor Berle.

Desse selskapa samla har åtte konsesjonar for laks og aure, og har eigen produksjon av rognkjeks. I søknaden om dispensasjon frå kommunen sin arealplan viser også dei til nye, lokale arbeidsplassar, i dette tilfellet 4–5 stykke.

Dei fortel også at noko av grunnen til at dei ønskjer å flytte delar av produksjonen til eit anna produksjonsområde er at dette vil vere med på å redusere risikoen knytt til drifta deira når det gjeld fiskesjukdom.

Nettverkssamarbeid

Marine Harvest, på si side, har drive oppdrettsanlegg ved Gulestø sør i Frøysjøen i mange år og vurderer no å innlemme lokaliteten på nordsida av Frøysjøen som del av si drift.

– I første omgang vil lokaliteten bli drifta saman med Gulestø. Då er det snakk om tre-fire tilsette lokalt, men om den blir sjølvstendig, vil vi trenge sju tilsette, forklarte områdeleiar Otto Igland politikarane i kommunestyret torsdag.

Han presiserte også at Marine Harvest alltid praktiserer godt naboskap.

– Vi legg ut fortøyingar, fraktar ting, er med på dugnad, køyrer det vi blir bedne om. Det er berre å spørje, vi stiller opp, sa han, og understreka også det gode samarbeidet med Måløy vidaregåande skule på lærlingar og positive ringverknader lokalt.

– Vi er ei distriktsnæring og er avhengige av livskraftige lokalsamfunn, sa han.

Treng dispensasjon

For å kunne bygge anlegget treng også Marine Harvest dispensasjon frå Bremanger kommune sin arealplan ettersom fortøyingane til anlegget går utanom området som er sett av til akvakultur. Sjølve anlegga, til alle søkarane, vil få plass innanfor det merka området.

Det er snakk om ei anleggsramme med rammefortøying.

– Dette ligg nede i sjøen på 6–7 meters djupne, og er utanom farleia, forklarer Arne Kvalvik, miljø- og myndigheits- koordinator i Marine Harvest.

– Her er jo fleire interessentar på same lokalitet. Kva er fordelen med Marine Harvest? ville Åse Leirgulen (Ap) vite.

– Vi skal løyse utfordringane med lakselus her vi er, fordi dette er gode lokalitetar. Vi har allereie eit velfungerande nettverkssamband i regionen. Vi søkjer ikkje andre plassar, vi løyser problema der vi er.

Marine Harvest har også levert ein rapport med miljøvurderingar tilknytt lokaliteten, der det mellom anna er registrert ein fiskeplass med aktiv reiskap i området. Dessutan ligg der også eit gyteområde for torsk rett aust for anlegget.

Har kome klager

Det har kome nokre klager og innspel til planane. For Marine Harvest sin del stiller Jan Tore Lillehauge spørsmål ved om anlegget vil skape problem for båttrafikken som i dårleg vêr går ganske nær land, og om anlegget vil påverke badestranda i Skipperdalen. I tillegg protesterer Astrid Gunni Nyborg Hovden sterkt på at det blir gitt dispensasjon med grunnlag i at anlegget er større enn arealplanen tillèt, at det vil påverke fritidsfiske, ferdsle og friluftsliv negativt, samt grunneigars rettar som fell vekk.

Austevoll-selskapa vil presentere sine planar i formannskapet torsdag 22. mars.