– Eg vil bruke høve til å seie litt om utviklinga for kvinner, og om arven vi har fått og arven vi gir vidare. Det er mange gode spørsmål som ikkje blir svara på, og som det ikkje blir snakka om seier Kvåle, og fortset:

– Kvifor er det så få kvinner i politikken? Kvifor er det slik at kvinner stryk andre kvinner frå vallistene? Eg vil stille nokre spørsmål og be om at ein reflekterer og blir bevisste kring dette.

– Provoserande vinkling

Politikaren, som sit i kommunestyret i Selje og no er ein del av det nystarta Stad Arbeidarparti, skal halde appell under markeringa av kvinnedagen på Nordfjordeid.

Vil føre engasjementet vidare

Kvåle peikar på at det er viktig å hugse på at det finst eit internasjonalt aspekt på kvinnedagen

– Vi kan ikkje kome vekk frå at Norge er eit av dei beste landa å bu i, med tanke på kvinnesyn og kvinner sine rettar. Det er veldig lett å få gjenklang for til dømes metoo-kampanjen fordi det er mange som kjenner seg igjen og kan relatere til det. Det er vanskelegare å få solidaritet for noko som verkar framand, men ein må engasjere seg sjølv om det ikkje rammar ein sjølv direkte. Vi skal ikkje gløyme at kvinner blir brukt i krig og konflikt, understrekar ho.

– Mor mi og far min markerte dagen når dei hadde moglegheit til det. Det handlar om eit verdisett som var viktig for foreldra mine, som er viktig for meg og som er viktig for dottera mi og sønene mine, slår ho fast.

– Viktig å vise solidaritet

Kvifor er det få kvinner som søkjer leiarstillingar og kvifor er det flest kvinner i låglønsyrke? Begge desse spørsmåla er tema i appellane på markeringa av kvinnedagen i Eid.

– Vi får appellar frå Judith Kvåle, Siv Emdal og Åslaug Krogsæter. I tillegg får vi eit kulturelt innslag frå duoen Ingeborg Myklebust og Sunniva Flaten Brekke, fortel Kari Bergset som har regien på kvinnedagsarrangementet som finn stad hos Bankkjellaren Bar & Gjestestove på Nordfjordeid 8. mars.

– I 2014 var det politiske innspel til endringa i abortlova som skapte stort engasjement nasjonalt, men også på Eid. Då hadde vi eit kvinnetog, og i åra etterpå har det vore arrangement, fortel Bergset, som seier det er viktig å hugse på at dette er ein dag som også handlar om internasjonal solidaritet.

– Kvinner er spesielt utsett i krig og konflikt, og det er mykje som krev søstersolidaritet, slår ho fast.