Journalistar Marianne Rotihaug og Christina Cantero har skrive denne leiaren i Fjordenes Tidende:

For eitt år sidan hadde Fjordenes Tidende ei historisk markering av Kvinnedagen, då vi lanserte Likestilt. Under årets markering av 8. mars kan vi sjå tilbake på nærmare 120 artiklar i serien.

Les meir om Likestilt

Fleire kvinnelege kjelder i avisa, samt eit større fokus på kvinner sin kvardag, har vore og er målet med prosjektet. Dette er ambisiøse mål for ein liten redaksjon. Nokre meiner det er såpass unikt at vi er invitert til den landsdekkande journalistkonferansen SKUP for å fortelje om prosjektet.

I fredagens utgåve av Fjordenes Tidende har vi møtt unge jenter som fortel kva dei meiner blir dei viktigaste sakene for likestilling i framtida. Dette er viktige stemmer i ein viktig debatt, som ikkje hadde kome fram utan Likestilt.