I denne saka heiter det i rådmannen sitt framlegg til vedtak at:

«Avtalen med Vågsøy kommune om ei overgangsordning for elevane ved Bryggja skule blir godkjent slik den ligg føre med følgjande endringar:

  • Skuleskyss frå Bryggja til Stårheim skule blir dekt av Vågsøy kommune

  • Ny lærarnorm for tal elevar per lærar. Fører tal nye elevar frå Bryggja til at ein må tilsetje fleire lærarar, dekkjer Vågsøy kommune desse utgiftene.

  • Vågsøy kommune dekkjer følgjande lærarressurs per elev: 1. - 4. klasse: 16/16 = 1. Dvs. ei heil stilling per 16 elevar. 5. - 7. klasse: 21/21= 1. Dvs. ei heil stilling per 21 elevar.»

Men det har vore knytt usikkerheit til kven som skal betale for desse elevane. Les meir om dette her.