Det er NRK Sogn og Fjordane som melder om at torskefiske på Vestlandskysten har gått ned med 75 prosent sidan tusenårsskiftet.

– Årets torskefiske sør for Stad har vore elendig. Vanlegvis skal det vere bra fiskeri no, men no har det vore fem-seks år utan sesong. Dette fisket er ikkje noko vi kan basere oss på lenger, slik vi gjorde tidlegare. Det var heilt andre vintersesongar tidlegare, no det er det ein brøkdel av kva det var, seier fiskehandlar Steven Jensen til NRK.

Tal frå Vestnorges Fiskesalslag viser også nedgang i heile kystfisket med ein nedgang i talet på båtar som leverer frå 223 til 179 dei siste fem åra.

Tiltak kan no bli sett i verk for det som forskarane trur er ein reell nedgang i torskemengdene.

Ifølgje forskar Kjell Nedreås ved Havforskingsinstituttet går det no mot freding av viktige gytefelt for torsk på Vestlandet, men uttalar til NRK at det på noverande tidspunkt ikkje er offentleg kva for område og gytefelt som eventuelt skal vernast.