Sigrun Sæbø Åland er utøvande frilansmusikar, og jobbar også som mekanikar på sykkelverkstaden til Oslo Sportslager i Torggata. At folk kan tenke at det ikkje er typisk «jentete», kan irritere ho litt.

Les meir om Likestilt her.

30-åringen synest ikkje noko om at folk framleis må setjast i bås eller leve etter eit forventa og for lengst utdatert kjønnsrollemønster.

– Eg merkar det til og med på jobb nokre gongar. Det kjem folk inn og skal ha reparert syklane sine, og så har dei mindre tiltru til meg enn mine mannlege kollegaer. Då kan eg seie ifrå, seier Sigrun.

Ho likar aller best å vere Sigrun. Og treng ikkje å vere så mykje meir kategorisert enn akkurat det.

– Det er ikkje noko eg går og tenkjer på så veldig mykje, men dersom eg blir kjønna av nokon og eg ikkje føler det treff skikkeleg, så kan eg bli irritert, seier Sigrun.

Ho tykkjer at kjønnsrollemønstera vi har er ganske så smale. Sjølv kan ho operere litt på utsida av dei, og dersom det blir påpeika kan det vere ubehageleg.

– Mange kan nok kjenne seg igjen i å oppleve forventningar knytt opp mot sitt eige kjønn. Det gjeld både kvinner og menn. Eg gjer ikkje alltid ting som er stereotypisk kvinnelege til dømes. Det får eg både positive og negative tilbakemeldingar på, seier ho.

2017 blei eit år der fleire land godtok homofile partnarskap. Samtidig fekk vi den etter kvart så omfattande #metoo-kampanjen som avslørte maktmisbruk, seksuell trakassering og kjønnsdiskriminering i mange ulike bransjar.

– Det er kjempebra med auka fokus, og det er veldig viktig at folk snakkar saman om desse tinga. Når det kjem til overgrepskultur bør vi vere bevisste på mønster og haldningar vi er med på å reprodusere. Mange tenkjer nok at dette ikkje handlar om dei, men det er eit samfunnsproblem som angår alle. For å få bukt med overgrepsproblematikk og sexisme må ein gå i seg sjølv og tenkje etter når ein kan ha kryssa andre sine grenser og om ein har kunna verke truande.

Kampanjen går føre seg med full kraft enno, og kjem til å bli hugsa for dei omfattande avsløringane og dei oppskakande enkelthistoriene.

– Ingenting har overraska meg, faktisk. Verken i politikken eller i andre bransjar. Men det har skjedd før. Terje Søviknes-saka skjedde eksempelvis, og så gjekk det i gløymeboka igjen. Eg håpar at vi kan hugse betre no, og at det som er kome fram blir teke på alvor, konstaterer 30-åringen frå Bryggja.

Når det kjem til regjeringa har ikkje Sigrun så mange forhåpningar, spesielt med tanke på likestilling.

– Transrettane står til dømes høgt oppe på lista mi. Der tykkjer eg vi har dårleg politikk, og ligg etter andre land både når det kjem til bevisstgjering og juridiske forhold.

I Norge i dag er det å vere transkjønna ei diagnose kalla F.64.0. Før den diagnosen er stilt blir ein nekta behandling.

– Det burde ikkje vore ei diagnose i det heile tatt, fastslår Sigrun.

Prosessen som leiar fram til eit behandlingstilbod er vanskeleg for denne gruppa, og sjølve behandlingstilbodet er heller ikkje godt.

– Det er jo ikkje lenge sidan homofili var ei psykisk diagnose. Når vi ser tilbake på det no, verkar det både trist og rart. Det er openbart at vi har den same problematikken her, men vi er altså ikkje komne lenger. Det ser heller ikkje slik ut dei neste fire åra med den regjeringa vi har no. Men vi kan jo håpe sjølvsagt. Det er mange dyktige folk som jobbar politisk i dei mange organisasjonane på grasrotnivå. Dersom stortingspolitikarane vel å høyre meir på desse, så kan det hende, avsluttar Sigrun Sæbø Åland med håp i stemma.