I lys av dei endra føresetnadane i Bremangerlandet-prosjektet er det sett ned eit forhandlingsutval som skal diskutere kompensasjonen for bortfall av vegmillionane.

– Vindturbinane skulle etter avtale takast i land i Smørhamn i ytre Bremanger og fraktast via fv. 616 gjennom Oldeidetunnelen og vidare opp og ut på platået på Steinfjellet. Men sidan dette blei vedteke har vindturbinane blitt større, men kanskje noko færre, så no planlegg utbyggar ilandføring på Oldeide og transport opp på fjellet derifrå, forklarte bremangerrådmann Tom Joensen kommunestyret nyleg.

Ikkje einige enno

Vestavind Energi har ifølgje rådmannen erkjent at dei må kompensere kommunen for denne endringa i planane.

– Dei ønskjer å kome med eit fast beløp som kompensasjon fordi det gjer det enklare for dei å vidareføre prosjektet til dei som eventuelt skal overta det. Og der er det vi står no, sa Joensen.

Det har vore eitt møte i forhandlingsutvalet så langt, og her blei partane ikkje einige.

– No skal dei kome med eit første utkast til oss, og når vi kjem fram til noko endeleg vil det kome til politisk behandling.

Nina Grotle (Ap) stilte spørsmål ved om den summen som var sett no ikkje gjeld lenger.

– Vi meiner jo det, men det er det vi no forhandlar om, svarte Joensen.

– Desse millionane til utbetring av vegen var jo ein stor del av det å seie ja til utbyggingsplanane. Ein kan ikkje kome seg unna det no, påpeikte Espen Gulliksen (Ap).

– Vi meiner vi har ei god sak. Og vi fjernar jo også risiko for dei, det har også ein verdi, sa Joensen.

Ilandføring i Kalvåg?

Med dei endra føresetnadene med større turbinar var tanken å frakte delane til Måløy og så i lekter til Oldeide. Kommunestyret spelte inn at ein like gjerne kunne ta turbindelane i land på Kalvøya i Kalvåg.