– Det vil gjere det mindre attraktivt å bu utanfor byane der ein stor del av både matproduksjon og anna verdiskaping skjer. Bedrifter vil sjå redusert postomdeling som ei ulempe og det kan føre til sentralisering av arbeidsplassar. Dette vil igjen føre til avfolking og press mot byane, skriv partiet.

Raudt fryktar også at redusert frekvens på omdeling vil opne opp for private selskap som kan gjere seg profitt på at det offentlege trappar ned tenestetilbodet til innbyggjarane.

– Dette vil representere ei omfordeling som vi ikkje vil støtte og det vil favorisere byar.

Raudt Vågsøy meiner derfor at Vågsøy kommune må sende ei fråsegn til Samferdsledepartementet innan fristen der kommunen seier klart frå om at ein ikkje kan godta ein redusert frekvens på omdeling av post.

Samferdsledepartementet har sett høyringsfristen til utkastet til 6. april.