– Folk trur vi skal legge ned, og det er ikkje riktig. Vi er på utkikk etter nye lokale å ha butikken vår i, seier Åge Oppedal i Radio-TV Service i Måløy.

Det er etter oppslaget i Fjordenes Tidende fredag om Maaløy Seafood sine planar om eit nytt fryselager i Måløy, at butikkdrivaren har fått spørsmål om dei skal legge ned. Radio-TV Service leiger lokale med Maaløy Seafood til butikken sin under Måløybrua der ein no planlegg fryselager.

– Vi er opptekne av at vi skal halde til i sentrum, og vi vurderer no ulike alternativ. Vi skal ikkje legge ned, seier Oppedal, og legg til at leigekontrakten deira går til ut august.

Butikk har han drive sidan 1986, og butikken har halde til i starten av Gate 1, under Måløybrua, sidan 2007.

– Vi har vore veldig fornøgd med plasseringa, parkering og alt, seier han.

Oppedal fortel vidare at butikken, som har kvite- og brunevarer, båtutstyr, fiskereiskapar og arbeidstøy, går godt.

– Vi har ikkje noko grunnlag for å legge ned, seier Åge Oppedal.