Saman med dagleg leiar Monica Refvik Egeberg i Mica Events inviterte dei med seg butikkar i Måløy for å saman vise breidda av det ein får i Måløy.

– Vi har invitert med alle og alle er hjarteleg velkomne til å vere med. Det er jo heilt nytt, om det blir populært, så vil vi prøve å gjere dette kvart år. Kanskje kan vi då gjere det større med eit brudeshow, smiler Chepurna, som trur at ein i Måløy kan finne alt ein treng til å lage til festlege hendingar.

Samarbeid

Dei trur det er essensielt å samarbeide for å vise seg fram på mindre stadar.

Viktoria Fure er konfirmant til våren, og fekk smake marsipankake av Anne og Kristian Simensen frå Bjørgs Mat.

– Det er kjempeviktig! Og så er det viktig å vise fram det vi har her lokalt, berre ein veit om det. Vi fyller kvarandre ut. Og om ein nyttar lokale, så skapar det også ringverknader her, trur Refvik Egeberg, som synest det var kjekt at så mange som 16 bedrifter ville vere med å vise seg fram i lag.

– Det er sprekt å setje seg saman og lage til noko slikt, seier Andreas Foss Iversen, dagleg leiar i Kraftstasjonen.

Han nølte derfor ikkje på om han skulle vere med og fortel at Kraftstasjonen skal satse på meir catering framover.

Får alt i Måløy

– Det er kjekt at dei slår seg saman fleire, at ein jobbar for å promotere saman og ikkje konkurrere, seier Mette Rolvsdatter, som hadde funne vegen til kundekvelden torsdag.

Ingrid Sterri Vedvik, Ove Vedvik og Mette Rolvsdatter har alle konfirmantar til våren, og fann mykje spennande. Her saman med Viktoria Fure (f.v.) og Olena Chepurna.

Ho trur mange reiser til Nordfjordeid for å handle.

– Men vi har jo ting som er bra her, så det bør kome fram. Eid har kanskje fleire ting, men dette her viser jo at ein kan få alt i Måløy, seier Rolvsdatter, som fann inspirasjon til konfirmasjonen ho skal ha i vår.

– For det første er eg kreativ sjølv, og likar å lage til oppsatsar og bordpynt. Så her får eg inspirasjon til konfirmasjonen og andre ting. Eg lagar gjerne blomsteroppsatsar til bryllaup eller selskap. Det er kjekt å lage til, seier Rolvsdatter.

Både konfirmant og brudgom

– Eg har jo ei som skal konfirmere seg til våren og ein som skal gifte seg i sommar, så vi måtte jo berre komme på dette, smiler Beate Folkestad Osdal, frå Selje.

Elisabet Osdal synest det er ekstra kjekt at mor Beate Folkestad Osdal skal konfirmere ho til våren.

Saman med dottera Elisabet, som er konfirmanten, hadde ho derfor teke turen for å finne inspirasjon til dei store dagane.

Ekstra kjekt for Elisabet er det at mor, som er kateket i Selje, er den som skal konfirmere ho i vår.

Også Ingvild Sterri Vedvik og Ove Vedvik har konfirmant til våren og tok turen for å finne inspirasjon.

– Eg prøvar å finne noko fint som vi kan vise fram til konfirmanten, seier Sterri Vedvik, som synest det var kjekt at ein kunne komme til ein stad å få inspirasjon til det meste ein måtte trenge til konfirmasjonen.

– Eg synest det er veldig flott at fleire viser seg fram – det er jo gjerne fleire ting ein skal ordne, seier ho.

Torsdag, fredag og laurdag hadde 16 utstillarar samla seg i butikklokalet til Blomsten for å vise at ein kan finne det meste til både konfirmasjon og bryllaup i Måløy.

I tillegg til Blomsten sjølv, var Hansen og Dysvik, Notabene, Jobbpartner, Kraftstasjonen, Vic, Bjørgs Mat, Netpartner, Kraftstasjonen, Mijoli, Måløy Glassmagasin, Toyota blant fleire av dei som stilte med stand.