Det var rundt klokka 15 at brannvesenet og politiet i Vågsøy vart varsla om grasbrannen. Då naudetatane kom fram til staden hadde meldarane sjølv sløkt brannen.

– Det var nokon som hadde brent bråte, og så hadde det kome ein trekk, som gjorde at meldarane opplevde at brannen kom ut av kontroll. Dei meldte då frå til naudetatane, men fekk sløkt brannen sjølve før vi kom på staden, forklarar politibetent Jan Arild Nervik hjå Vågsøy lensmannskontor.

Hendinga får ingen konsekvensar for dei involverte, men Nervik åtvarar folk om at det er svært tørt ute i naturen.

– Det er nok fleire som vil nytte det fine vêret til å få rydda og kanskje brenne litt rusk og rask. Til det er det å seie at det fort kan vere ei risikoøving. Det er veldig tørt og ein må vere varsame.

Politibetententen opplyser at det ikkje er bålforbod på denne tida av året.

– Men vi manar til varsemd, stadfestar Nervik.